Fredag møtte representantar frå regjeringa og samarbeidspartia opp i Giske kommune med 80 millionar kroner til Gjøsund fiskerihamn.

Giske kommune har i lengre tid arbeidd for å få midlar frå Nasjonal transportplan, slik at ein kan kome i gang med utbetring og mudring, skriv kommuna i ei pressemelding.

Ikkje i første NTP-periode

Gjøsund kjem inn i andre halvdel av NTP-perioden. Pengane kjem i perioden 2023-2029.

Det var NRK Møre og Romsdal som melde om saka først.

Ordføraren og rådmannen vil derimot sjå på moglegheitene for å kome i gang tidlegare enn det NTP-planen legg opp til, skriv dei i pressemeldinga.

– Pengane ligg inne i perioden 2023 -29, med opning for å forskottere. Den opninga må kommune og næringsliv gripe, seier rådmann Marit Elisabeth Larssen.

Gjøsund. Foto: ARKIV

– Framtidsretta

–  Dette er ein glad dag for Giske kommune. No kan vi kome oss vidare i arbeidet med å utvikle Gjøsund til ei framtidsretta marin og maritim hamn, seier rådmannen.

Også ordførar Harry Valderhaug er glad.

–  Eg opplev eit stort trykk frå aktørar som vil satse i Giske ved å etablere seg i kommunen, men då er det ein føresetnad at hamna er mudra. Ikkje minst er ei utbetring viktig for dei aktørane som allereie er etablert i området. No må vi fyrst og fremst kome i posisjon med Kystverket, og starte arbeidet med prosjektet, og så vidare med sjølve mudringa, seier ordførar Valderhaug.

Giske er blant dei største fiskerikommunane i landet, med nær 700 arbeidarar i næringa lokalt, og ein omsetnad på nær tre milliardar kroner i 2015.