Mørenett skal leggje ned ei av avdelingane sine på Søre Sunnmøre, og det har vært spekulert i at det er dei tilsette ved Dragsund som må flytte kontorplass.

Men ei arbeidsgruppe som skal gi si tilråding til styret har kome til motsett konklusjon. Det er leiaren for gruppa som lettar på sløret ovanfor Vikebladet Vestposten.

Rune Kiperberg fortel at arbeidsgruppa, som har bestått av både tilsette og folk frå administrasjonen, har levert si tilråding til Mørenett-styret, og at det her går klart fram at dei meiner Mørenett Sør som samla avdeling bør liggje i Dragsund - ikkje i Hovdebygda.

Det vil bety at cirka 50 tilsette må flytte kontorplass frå Ørsa til Dragsund. Ikkje alle vil måtte møte til jobb i Dragsund kvar dag, sidan fleire er montørar som har oppdrag i kommunane, skriv Vikebladet.

I dag er det 13 arbeidsplassar knytt til kontoret i Dragsund.

Saka skal ikkje til endeleg handsaming i styret før i slutten av april.