Eivind Klokkersund er leiar av økoteamet hos politiet på Sunnmøre.
(Foto: Alexander Worren)

Eivind Klokkersund er leiar av økoteamet hos politiet på Sunnmøre. Foto: Alexander Worren

Dette er politiet sine råd mot nettsvindel

Politiet åtvarar mot nettdating

Banken og politiet greidde å stoppe datingsvindelen før eit sekssifra beløp vart overført frå Sunnmøre til utlandet.

Det starta med varme ord frå ein tillitvekkande mann på sjekkenettstaden. Så ville kvinna frå Sunnmøre overføre eit sekssifra beløp ut av landet.

Måndag føremiddag går politiet på Sunnmøre ut med ei pressemelding og åtvarar andre.

I dette tilfellet greidde banken og politiet å stoppe transaksjonen, opplyser Eivind Klokkersund, som leier politiets økoteam på Sunnmøre.

– Politiet vart innkopla, og vi såg blant anna at det var dokumentforfalsking og ID-tjuveri, seier Klokkersund.

Under kan du lese politiet sine råd mot nettsvindel.

Skjer overalt på nettet

Svindel som dette skjer over alt på nett. Svindlarane brukar godt med tid på å opparbeide seg tillit, og så kjem spørsmålet om pengar, ifølgje Klokkersund.

– Har du fyrst sendt eit mindre beløp, kjem det ganske snart spørsmål om å få meir. Det oppstår gjerne vanskar, som berre du kan bidra med å løyse gjennom ei ny økonomisk gåve. Bak svindelen står kriminelle. Dei brukar den personlege informasjonen du har lasta opp på sjekkenettstaden i kombinasjon med andre opplysingar dei finn om deg på nettet. Dei falske profilane dei sjølv har oppretta er gjerne utforma for å passe dine interesser, seier Klokkersund.

Også tidlegare har politiet på Sunnmøre gått ut med åtvaring.

Stadig meir avansert

I tillegg til å miste pengane dine til nokon som på ingen måte har intensjon om å vere din venn, kan du uvitande ha delteke i kvitvasking gjennom å ha sendt pengar ut av landet.

– Svindelen blir stadig meir avansert. Det er her bankane og politiet kan hjelpe. Vi har rutinar for blant anna å avdekke falsk dokumentasjon. Om du trur du er utsett for denne type svindel, må du seie frå, oppmodar Klokkarsund.

Opplysningane som politiet får inn om slike saker vert lagt saman og koordinert inn mot sentrale myndigheiter for vidare etterforsking, og for å avdekke stadig nye kreative svindelmetodar som vert utvikla. Slik får ein også til ei betre førebygging av svindelen, opplyser leiaren av politiets økoteam på Sunnmøre.

Millionar av kroner

Overslag frå Økokrim tilseier at det stort sett er godt vaksne nordmenn som let seg lure.

I 2015 sende 209 norske kvinner og menn over 280 millionar kroner ut av sine bankkontoar til svindlarar i utlandet. Aldri har så mange norske kvinner og menn blitt svindla på internett som dette året.

I 2016 var det ein liten nedgang. 181 nordmenn vart lurt for minst 205 millionar kroner, ifølge Klokkersund. Dette var i hovudsak "datingsvindel" saman med nokre "arvebedrageri".

– I Møre og Romsdal har vi hatt fleire slike saker siste åra. Sekssifra beløp har vorte stoppa av bankane. Dessverre er det også gjennomført overføringar der enkeltpersonar har mista store summar som dei ikkje vil få tilbake. Mørketala nasjonalt er store, spesielt opp mot dei mange mindre summane som vert sendt ut av landet, seier Klokkersund.

Kjenneteikn på nettsvindel

Dette er politiet sine råd mot nettsvindel:

• Personen ber deg gå ut av sjekkenettstaden, og vil kommunisere med deg gjennom epost eller private chattetenester.

• Gir svært tidleg uttrykk for hjartevarme og kjærleik

• Vil raskt ha private opplysningar om deg.

• Sender deg fotografi av seg sjølv som ser profesjonelt ut.

• Sender deg store mengder epost.

• Personen påstår at han/ho er frå til dømes eit europeisk land, men er på reise eller jobbar i utlandet.

• Vil kome på besøk men kan dessverre ikkje kome på grunn av ei tragisk hending. 

• Ber om pengar for å dekke ei reise, akutt sjukdom, opphald på sjukehus for eit medlem av familien, visumutgifter eller liknande.

• Skal starte opp forretningsdrift du får vere del av og som du skal få ut inntekter av seinare i ei felles framtid saman med personen.

Fleire nettsvindelråd frå politiet

• Ikkje gi pengar til nokon du treff berre på nett.

• Be banken om råd og dokumentsjekk før du overfører også mindre summar til utlandet.

• Kontakt politiet om du eller nokon du kjenner er utsett for denne typen svindel.

• Kutt all kommunikasjon på nett, epost og chat med personen umiddelbart.

• Ikkje opprett ny kontakt med svindlaren.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Leses nå
 

Forsiden nå: