Etter at Romsdalsaksen vart relansert i vinter, har Vestnes Næringsforum blitt utfordra til å endre standpunkt. Dette fekk ikkje tilslutning under årsmøtet.

Vestnes Næringsforum har i lengre tid vore positiv til Møreaksen. Eit einstemmig årsmøte vil ha ferjefri E39 gjennom Møreaksen, opplyser foreininga i ei pressemelding.

– Vestnes ligg på aksen, og kommunen vil bli et enda viktigare bindeledd mellom Ålesund og Molde, seier styreleiar Eva Langstein i ei pressemelding.

Ordførar Geir Inge Lien var til stades på årsmøtet, og er ikkje overraska over vedtaket.

– Valet Stortinget skal ta i juni er enten Møreaksen eller ferje, og ut frå signala i NTP blir det Møreaksen. Det er svært bra for Vestnes, seier Lien.

Styreleiar Eva Langstein i Vestnes Næringsforum er styremedlem i Møreaksen AS. Vestnes kommune er aksjonær i Møreaksen AS.