Dette seier Bjarne Rekkedal, turistvert i Bondalen i Ørsta, styreleiar i DÅS- og styremedlem i fellesreiseorgansinasjonen for dei tre reiseslivsorgansinsajonane i Møre og Romsdal.

Rekkedal merka seg Sunnmørsposten si sak tysdag om kommersiell helikopterflyging på Alnes i Giske kommune.

Der vart Destinasjon Ålesund og Sunnmøre sin søknad om landingsløyve for helikopter ved Storhornet på Godøyfjellet, sidestilt med eit brudepar som søkte om løyve som bryllaupsfotografering med helikopterfrakt.

– Totalt feil sidestilling

– Slike søknader kan ikkje sidestillast, hevdar Rekkedal.

– Nei, for meg vert dette totalt feil. Lat meg ta eit lokalt døme: Fotograf Ma Ortiz på Liadal skapte sitt eige konsept med å fotografere seg sjølv i ulike kjolekreasjonar – frå dei mest spektakulære toppane våre, Slogen inkludert. Ho måtte pent ta turane til topps sjølv, skifte antrekk og gjere jobben.

– Dette synest eg også at brudeparet som søkte helikopterløyve på meir moterate Alnes – og kven som helst andre i same ærend, kan gjere. Viss dei absolutt vil ha eit slikt bilde, så bør dei også kunne yte litt ekstra for motivet sitt meiner Rekkedal. Han hevdar det same også når det gjeld skiturisme frå helikopter.

– Dette at nokon – med nok pengar, skal kunne leige seg privat helikopter, til dømes til toppen av Skårasalen, for å stå på ski ned att, blir totalt feil for meg, seier Rekkedal.

Arbeidsplassar innan turisme

– Men er det meir høgverdig med rein reklameflyging då?

– Det vert ein heilt annan situasjon, etter mitt syn. Det handlar om å marknadsføre det heilt unike alpelandskapet vi har her i fylket, på lik linje med måten våre konkurrentar i heile verda faktisk får høve til.

– Det handlar om arbeidsplassar i reiselivsnæringa, arbeidsplassar som nokså ofte vert prisa av lokalpolitikarar. Når dei same politikarane så sit i sine utval, i kvar sine kommunar, og stemmer ned moglegheita til å marknadsføre oss, så blir dette heilt feil for meg, insisterer Rekkedal.

Han ønskjer seg ein felles profil i alle saker som handlar om løvye til å flyge med helikopter i fjellet – i hele Møre og Romdal.

– Berre på den måten kan vi stå fram med ein truverdig og felles invitasjon mot det internasjonale samfunnet når det gjeld opplevingstrurisme.

– Og berre på den måten kan vi oppnå fordelane med at internasjonale aktørar ser på oss her i vårt fantastiske fjellfylke som ein medspelar som vil vere med og byde seg fram og leggje til rette, ikkje som ein motspelar, seier Rekkedal.

– Motspelarar vil det nesten alltid vere i nesten alle slike opplagde natursaker. Men no utfordrar eg alle til å tenkje nytt, seier Bjarne Rekkedal.

Helgefred.

Ein som tenkjer alternativt i denne saka er Åsmund Steen i Ålesund og Sunnmøre turistforeining (ÅST). Han vil ikkje stå fram som ein kategorisk avviser av helikopterdrift i fjellheimen.

– Vi har svært ofte slike saker som høyringssaker på vårt bord. I mange av tilfella har det vorte ja til helikoptersøknader.

– I våre innspel handlar det ofte om hekketider for fugl, og generelt om uroande støy i fjellheimen. Når det gjeld hekking, så dreiar det seg om ei spesiell tid på året. Når det gjeld folk, så gjeld det stort sett raude dagar, altså når dei fleste har fri og kan oppsøkje fjellheimen og den roa og stilla som dei søkjer der, seier Steen. Han signaliserer dermed at filmskaping frå helikopter primært bør skje innan «normalarbeidstid».

– I alle fall bør det kunne innførast kvotar for filming i fjellet. Reine reklamestunt med naturen som kulissar vil vi vere imot, hevdar han.

Bjarne Rekkdedal utfordrar alle kommunane i Møre og Romsdal til å samle seg om ein felles politikk når det gjeld helikoptertrafikk i fjellet. Foto: Knut Arne Aarset
Åsmund Steen i Ålesund og Sunnmøre Turistforening vil langt på veg gå Bjarne Rekkedal sine synspunkt i møte, men vil likevel behalde retten til innspel – til fordel for natur og ro.