Ordførar Odd Jostein Drotninghaug delte ut prisen under kommunestyremøtet måndag.

Prisen består av eit diplom og ein sjekk på 15.000 kroner.

I grunngjevinga si seier juryen at Brøvøllsfestivalen har etablert seg som ein humorfestival for alle, og at dei no kan feire tiårs jubileum.

Juryen peikar også på at festivalen byggjer på lokal identitet, lokale tradisjonar, brukar lokal mat, som Kubab, og lokal drikke som Fantevatn og Svartevatn.

Festivalen er blitt ein fest særleg for dei yngre på fredagen. Medan dei har eit godt familieprogram på laurdag.

Årets utgåve av Brøvøllsfestivalen går av stabelen helga 23. og 24. juni.