No klagar også dyrevernorganisasjonen Noah på vedtaket.

Madeleine Sofie Nor i Noah skriv i eit brev til Fylkesmannen at etter deira syn er løyvet til avliving ikkje i tråd med lovverket.

– Det er ikkje grunnlag for å avlive måsar som eit førebyggande tiltak, legg Nor til.

Noah meiner at måsen sin naturlege åtferd bør kunne tolererast av BUAS. Måsane forårsakar etter Nor sitt syn ikkje personskade på folk, gjev ikkje dokumenterte helseplager – og påfører ikkje BUAS vesentleg økonomisk skade.

Noah legg til at fiskemåsen allereie i 2010 vart oppført som ein raudlista og freda art.