Med 18 mot 11 røyster sa kommunestyret nei til å ta opp att tomtesaka.

Det var Ap og ei frå Høgre som føreslo å greie ut saka på nytt, etter oppmoding frå ei aksjonsgruppe. Ei anna gruppe bad politikarane om å stå ved det vedtaket om Bakkeøyane.

Alternativet var å greie ut om den nye skulen i staden skulle byggast i Ullavika.

Den nye sentrumsskulen skal erstatte dei tre skulane Vik, Aure og Ullavika.

Ordførar Odd Jostein Drotninghaug støtta fleirtalet. Han seier at han er glad for at ein stod fast ved Bakkeøyane, fordi saka er nok greidd ut.

– Ei ny utgreiing ville ha forseinka bygginga. No kan det bli byggjestart neste år, seier han.