Det seier Per-Olaf Brækkan, byggje- og vedlikehaldssjef i fylkeskommunen til Møre-Nytt.

Han legg til at dersom alt går på skjener, og skulen kjem inn på fylkestinget sitt investeringsbudsjett i desember, kan det bli byggjestart allereie i 2019.

– Skulen er i svært dårleg stand, verst i fylket. Å flikke på dette vil vere dyrare enn å byggje nytt, seier Brækkan til avisa.

Så snart politikarane i fylkestinget har sagt sitt, vil fylkeskommunen hyre ein arkitekt som skal lage ulike forslag.

Brækkan ser for seg at skulen blir knytt opp mot kulturhuset, noko som gjer at prisen på ein ny skule kan gå ned frå 400 til 300 millionar kroner.

– Dette er kanonbra og eit historisk gjennombrot, seier ordførar Stein Aam i ein kommentar til Møre-Nytt.