«D utrolige e jo at før år 1530 klarte vi oss sinnsykt bra, vi bytta fesk med russen, hadde eksotiske vara og handelen blomstra. Ja vi levde som vi ville, men så fant som vanleg et klokt hode sørpå ut at all fiskesalg skulle Bergensaran ta sæ av, så allerede da begynte raseringa her oppe».

Blogg

Slik byrjar Vegard Bangsund sitt blogginnlegg med den slagkraftige tittelen «Trålkonsesjonan fra helvette!».

LES BLOGGEN HER

Bangsund er skipper på «Sandfjordjenta», og deltek i NRK serien «Skårungen». 19. mars posta han eit blogginnlegg som gjer at norsk fiskeridebatt aldri meir blir som før.

«Lys i husan»

Når det gjeld historikken skriv Bangsund: «Etter krigen fikk vi nye båta hos regjeringen Nygårdsvoll. Dem va vel den siste regjeringa som gjorde nåt for oss. Landanleggan blei større og trengte helårig drift, og da blei d bygga trålere som skulle sørge for sysselsetting å lys i husan her nord.»

Sjølv bur Bangsund i Vardø, der West Fish/ Aarsæther-konsernet satsa stort, og opna nytt filetanlegg i 2001. Det toppmoderne anlegget gjekk konkurs etter ti månader. Det Røkke-kontollerte selskapet Aker Seafoods, tok over anlegget inkludert verdifulle trålkonsesjonar. Anlegget er no nedlagt, og konsesjonane tilhøyrer Havfisk-konsernet. Bangsund skriv: «Da den politisk bygde fabrikken på Svartnes (som var dødsdømt allerede før den ble bygget) gikk konk, va fadesen et faktum!! Inn kom køllegutten Røkke å lovte gull og grønne skoga, å vi gikk rett i fella.»

Pliktsystemet

Fiskeriministeren har nyleg forslått å oppheve pliktordningane for torsketrålarane, mot at kvoteeigarane, der Havfisk (tidlegare Aker Seafoods) er den dominerande, kompenserer anten med pengebløp, eller ved å gi frå seg 20 prosent av kvotane. Det er dette som har utløyst kanonada frå Bangsund: «For det er nettop d dem har knabba til sæ, fetthæstan frå sør. Fesk for milliarder!! ……. Nu får det for satan i hællvette være nok, stjæle for milliarder, å tilby oss dritt tilbake. Kjøss mæ medt i ræva»

Litt fakta frå Stortingsmeldinga om pliktsystemet: Debatten om handlar om 17 prosent av torskekvoten og gjeld knapt 20 trålarar. Hovuddelen av torsken vert fiska av kystflåten i nord, som har hatt fleire gode år i det siste. Pliktsystemet er så uthola at det betyr svært lite for sysselsetjinga i land.

Ny standard

Likevel er det ingenting som hissar opp folk i Nord-Norge meir enn debatten om leveringsplikt. No er ein ny standard sett: «Her sett vi, ribba til skinnet for fesk som sku være her oppe for at folk sku kuinne bo her mens latterkvalte stygge feite svin der sør (nok en gang) gnir sæ i nævvan å tjene milliarder, å tilbyr oss dritt tilbake! Kjøss mæ medt i ræva!»

Møringar er eit kjent skjellsord nordpå. Men denne gongen er det politikarane som tar hovudstøyten. «E det korrupte jævla vi har med å gjøre, eller e dem bare prata rundt i tuill av skogsmatrosa å menn med dress som representere gutta fra Møre å sørover?»

Stor repsons

I ei fersk oppdatering på si bloggside fortel Bangsund at «responsen på fettskiten har vært langt større enn æ kunne ha drømt om.»

Folk i fiskerinæringa på Sunnmøre er vande med litt av kvart i debatter med yrkesbrødrene i nord, og brukar gjerne å ta att. Denne gongen vert avdelingsleiar Jan Ivar Maråk i Fiskebåt praktisk talt mållaus.

– Det er umuleg å gå i dialog med denne mannen, seier Maråk, som ikkje veit om han skal le eller gråte av innlegget.

Landing av torsk på eit mottak i nord. Det er dette det handlar om. Foto: Svein Aam