Men politi og lensmenn over heile landet trassa sin øverste sjef. Blant desse var dei fire tjenestemennene ved Volda lensmannskontor», står det å lese ved sidan av dette bildet.

Det var på trykk 30. mars 1992. Då småkokte det visst i etaten. Den gongen som no handla det om talet på tenestemenn. Flott at eitkvart er konstant her i jammerdalen.

«– Vi hadde planlagt å bruke uniform, difor gjer vi det. Vi er stolt av yrket vårt, noko som også gjer at vi står i uniform på ein slik stand som denne i Volda sentrum. Vi må ha uniform for å nå fram til publikum med bodskapen vår, seier fungerande lensmann i Volda, Rune Mørkedal».

Vi ser han oppunder barten til venstre i fotografiet. Vidare bortover mot høgre står Øystein Sørheim, Knut Petter Hovden og Iren Silden. Særleg desse tre sistnemnde ser då riktig blide og imøtekomande ut. Reine sjarm-offensiven.

«I dag tidleg fekk vi ein telefax frå Norsk Politiforbund og Lensmannsetatens landslag der vi vart oppfordra til å stille i uniform», la lensmannen til.

«– Det kan vel hende at vi får ein plett på vårt interne rulleblad. Men dei er plettfrie frå før, så det får vi tåle».

Sånn skal det låte av vakse folk.

Dei knapt 8.000 tilsette i yrket kravde 75 millionar kroner meir til etaten, og 1.000 nye stillingar. Og folket sin reaksjon? Støtte over ein låg sko.