Fjordane tingrett ga politiet medhald i at ein mann i 30-åra skal haldast i varetekt i fire veker.

Etter forrige fengslingsmøte har det kome fram tre nye høve som mannen kan ha gjort eller medvirka til, meiner retten.

– Det visast her til overvakingsbilete som er lagt fram, og felles bruk av leigebil, som gir klare indikasjonar på at den sikta og dei medsikta har operert saman. Etterforskinga så langt har vist at dei grove tjuveria frå ulike minibankar har vore gjort på liknande vis, står det i kjennelsen.

Retten meiner at minibank-tjuveria har eit profesjonelt preg. Kripos er kobla inn i saka, og etterforskinga er ikkje ferdig.

Fjordane tingrett opplyser at mannen som er fengsla vart stoppa og pågripen etter eit forsøk i Stryn.