Nordnorske fiskarar som bannar og klagar si naud er ein gjengangar i den mest klassiske debatten av alle i fiskerinæringa- den mellom nord og sør. Sist ute i sjangeren er Vegard Bangsund på «Sandfjordjenta», som har vore i media denne veka.

Ingen banning om du er sunnmøring! Men elles har det meste vore tillatt når fiskeripolitikk har stått på dagsorden.

Knut Arne Høyvik fortel om eit av hans høgdepunkt, som skjedde under eit fiskarlagsmøte for nokre år sidan.

"Verre enn krigen"

Ein fiskeskipper frå Nordland klaga si naud og sa mellom anna at det «var verre å drive fiskeri no, enn under krigen».

– Eg festa meg i grunnen ikkje ved med, men så snudde eg meg, og rett bak meg sat nyleg avdøde Charles Remø, som mellom anna var med på invasjonen i Normandie, og då ba eg om ordet, fortel Knut Arne Høyvik.

Slo tilbake

Høyvik gjekk på talarstolen og sa mellom anna:

«Eg har venta i fleire år på at han (fiskeskipperen frå Nordland) skal leggje seg i stabilt sideleie på grunn av hungersnaud. Men då vi sjekka, viste det seg at han hadde alle mulege konsesjonar. Det einaste han muligens mangla var drosjeløyve.»

Telefon frå Stortinget

Nokre dagar etter fiskarlagsmøtet var Knut Arne Høyvik heime på Sunnmøre. Då kom det telefon frå Stortinget.

– Det var Steinar Bastesen som ringde frå Stortinget. Han kom med sterk kritikk mot ordbruken på møtet, og ba meg be fiskeskipperen frå Nordland om orsaking, fortel Knut Arne Høyvik

– Ba du om orsaking?

– Nei, det synest eg ikkje det var nokon grunn til. Men eg var veldig overraska over at Steinar Bastesen, av alle, reagerte på denne måten, og ringde heim til meg for å påtale språkbruken.

– Kva synest du om det aktuelle innlegget frå Vegard Bangsund på «Sandfjordjenta»

– Det er herleg og kan kanskje kallast århundets spissformulering i fiskeripolitikken, men samstundes er eg usamd med innhaldet, seier Knut Arne Høyvik.

Knut Arne Høyvik har mellom anna vore leiar for Sunnmøre Fiskarlag og informasjonsansvarleg i Norges Fiskarlag. Foto: svein aam