Ein robot som støvsugar og ein annan som vaskar vindauga. Automatiske toalett som vaskar og tørkar. Elektriske senger og stolar. Dette er ikkje science fiction, men teknologi som finst allereie. Med moderne teknologi skal ein kunne vere mest mogleg sjølvhjelpt, lengst mogleg.

– Med velferdsteknologi i omsorgstenesta skal pasienten få betre livskvalitet i kvardagen. Det er lurt og smart, også for å unngå skader i både rygg og nakke for dei som jobbar i omsorgsyrket seier Aurora Storhaug, som utdannar seg innan helse og omsorg ved Fagerlia videregående skole i Ålesund.

Praksis i Danmark

Siste tre vekene har ho og tre andre elevar frå skulen vore utplassert ved omsorgssenter og heimeteneste i København-området. Frå skulen heime har dei fått i oppgåve å legge spesielt merke til bruk av velferdsteknologi.

Dette er nemleg noko kommunane her i landet no jobbar mykje med, ikkje minst som følgje av eldrebølgja. Ein meiner at utan velferdsteknologi vil langt fleire enn det som er mogleg, måtte utdanne seg til jobbar innan helse og omsorg.

Må forstå nytteverdien

Velferdsteknologi er no også kome inn som eige læringsmål i utdanninga på helse og omsorg.

– Dette er eit viktig læringsmål. Elevane er nøydde til å forstå nytta av velferdsteknologi og korleis det skal brukast, seier Marit Haugan Gjøsund, som er lærar ved Fagerlia videregående skole.

Sunnmørsposten fekk vere med då Gjøsund og kollegaen Ebba-Kristin Hjellbakk var på studietur til Danmark, for å lære meir om velferdsteknologi.

– Det er viktig at vi som utdanningsinstitusjon er langt framme på området, seier Hjellbakk.

Danmark er eit føregangsland innan velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering. Og Odense kommune er langt framme på området. Difor reiste dei to lærarane dit for å lære. Neste år håpar dei også å kunne ta med elevar dit.

Betre og billigare

I Odense kommune er målet at velferdsteknologien skal gjere tilbodet betre for brukarane, men også billigare for kommunen.

– I staden for at kommunen sine folk skal reise ut og hjelpe brukaren med å ta på strømper, kan nokre bli sjølvhjelpte og klare å ta strømpene på med denne, seier Kenneth Wiberg i Knuds hus og viser fram ei nederlandsk oppfinning som døme på korleis teknologi kan gjere brukaren sjølvhjelpt, samtidig som kommunen sparer pengar.

Knuds hus er eit velferdsteknologisk læringshus der dei tilsette kan prøve ut teknologien og få

inspirasjon. Alle som får jobb innan pleie og omsorg i kommunen, må innom her for å lære.

Kommunen driv også «Det hjælpsomme hjem», som er ope for alle innbyggjarar i kommunen.

Her skal dei bringe hjelpemiddel og velferdsteknologi tettare på borgaren og pårørande. Det er innreia som ein heim, slik at ein lettare kan tenkje seg korleis tinga kan brukast. Alle tinga kan prøvast.

– Litt av suksessen er at borgarane kan kome og sjå i praksis. Dette gir fleire sjølvhjelpte brukarar, seier Mette E. Larsen.

Luksus i Japan

Mange er skeptiske til robotar, men velferdsteknologi handlar om å supplere, ikkje erstatte menneska.

Og Wiberg meiner det er viktig korleis ein reklamerer for hjelpemidla. Det er viktig å fortelje den gode historia, slik at folk blir positive. Blant anna når folk er skeptiske til dei automatiske toaletta som spyler og tørkar.

– Slike toalett er jo luksus, for det er standard på femstjerners hotell i Japan. Og robotstøvsugaren har jo same teknologi som på robotplenklipparen, som alle vil ha, seier Wiberg.

For dei som jobbar med dette i Odense er alle hjelpemiddel velferdsteknologi. Det handlar om å kompensere for funksjonsnedsetting.

Teknologisk leilegheit

I Odense held også konsulentfirmaet Public Intelligence APS til. Dei arbeider med velferdsutvikling med fokus på velferdsteknologi og rehabilitering.

Dei har innreia ei eiga teknologileilegheit der ein kan sjå og prøve det som finst av tilgjengeleg teknologi til hjelp med daglegdagse gjeremål. Her kan kven som helst få sjå kva som finst og korleis det kan brukast.

– Det er viktig å ta i bruk velferdsteknologi så tidleg som mogleg og ikkje vente til ein blir for dårleg, seier Mette Marie Bruun Højsager, som er teknologiformidlar og sjukepleiar ved Public Ingelligence.

Ho viser oss rundt i det som kunne ha vore ei vanleg leilegheit, men som er fylt opp med både enkle og svært avanserte hjelpemiddel.

Pynt og nytte

I stova er det ein stol som ser vanleg ut, men har ein dyttefunksjon, slik at ein lett kjem seg opp for eiga hjelp. På stovebordet ligg eit par lysterapibriller mot vinterdepresjon. Det same gjer søvnbriller som skal vere bra å bruke for nattevakter eit par timar før ein skal sove.

Ei blomsterpotte, som er ein pynteting i leilegheita, viser seg også å vere velferdsteknologi.

– Men denne kunne eg også godt hatt i mi eiga stove, seier Højsager og viser korleis ein kan plante vekstar, utan bruk av jord. Ein kan følgje med på at det spirer og gror – sjølv om ein ikkje lenger kjem seg ut i ein hage. Blomsterdekorasjonen viser også om det er natt eller dag.

– Det å følgje med på noko som veks kan verke livsstimulerande, fortel Højsager.

Fjernkontroll med nokre få, enkle knappar er også velferdsteknologi. Det same er ei lupe som ser ut som ein leselampe.

Stova har også ein elektronisk terapi-gyngestol, som gyngar automatisk, med musikk som skal verkar roande og avslappande. Ro kan ein også finne i ein Saccosekk-liknande stol. Brukarar med angst og uro kan pakke seg inn, og teppet er fylt med store, litt tunge kuler.

Også dyner fylt med slike kuler med ulik tyngde, skal gjere pasienten roleg, skape tryggleik og velvære.

Ei seng som snur pasienten er eit anna eksempel på velferdsteknologi. I tillegg til å førebygge liggesår, er senga innretta slik at pasienten får hjelp til inn- og ut stiging. Senga kan senkast heilt i golvet og dermed også hindre fall.

Ei seng som varslar om pasienten er på tur ut eller blir våt er også på marknaden. Slik kan ein førebyggje fallulykker og problem som følgje av inkontinens.

Kroppstørkar

På badet finn vi fleire praktiske hjelpemiddel. Ein kroppstørkar, som er ein stor fønar, gjer at brukaren ikkje treng hjelp til å tørke kroppen etter dusj. Vasken her kan regulerast opp, ned og til sida. Og toalettbesøket kan ein ta på eit automatisk toalett, som både vaskar og tørkar etter bruk.

På kjøkkenet finn vi ulike hjelpemiddel, til dømes til dei som har nedsett gripefunksjon. Eit lite firma i Danmark har utvikla ei nyttig «hand», men berre ei høgrehand førebels, for det kostar å utvikle ny teknologi.

GPS-overvaking av demente er eit eksempel på velferdsteknologi. Men det finst fleire oppfinningar som skal hjelpe demente i kvardagen, til dømes for tablettdosering. Højsager viser oss blant anna ei finsk oppfinning.

– Denne fortel deg at det er tid for å ta medisinen din. Han kan fleire språk, og du kan gjere den personleg og velje anten kvinne- eller mannsstemme, fortel Højsager og legg til at dette nok er ei dyr løysing.

– Men på den andre sida brukar ein mykje ressursar i heimesjukepleia for å sikre at folk får medisinen sin.

Leilegheita har også ei spesiell dør, som viser seg å vere berre eit bilde av ei dør.

Tanken er at ein dement person kan ha bilde av inngangsdøra heime, noko som kan gi gjenkjenning og tryggleik.

Må dele kunnskap

Leilegheita har også «intelligent golv», kopla til ein pc ein annan stad. Her kan ein registrere rørsle. Til dømes vil ein kunne sjå om ein person har falle og ligg på golvet, noko som per i dag ikkje er lovleg overvaking.

Teknologien skal vere brukarvennleg. Noko av det er svært enkelt, men andre ting er meir avansert og komplisert.

– Personalet må vere trygge på teknologien, elles blir det ingen suksess, understrekar Højsager.

Senteret har laga til eigne «ambassadar» for dei nordiske landa, der dei viser teknologi som er utvikla i kvart land. Ingen norske produkt er så langt komne med.

– Vi håpar å få ein norsk og svensk ambassade også, så vi i dei nordiske landa kan hjelpe kvarandre. Vi må dele dei gode suksessane og ikkje berre utvikle eigne prosjekt, meiner Højsager.

Bilmekanikarar med omsorg

Nyskapning og innovasjonstenking er ein viktig del av helsetenestene i tida framover, men dei to helsefaglærarane frå Fagerlia understrekar at velferdsteknologi ikkje kan erstatte menneska.

Lærarane trur at ein positiv effekt ved velferdsteknologi kan vere at fleire gutar kjem inn i faget. I Odense kommune har dei tilsett 20 bilmekanikarar, som tradisjonelt er sterkt mannsdominert yrke. Mekanikarane reiser heim til brukarane og reparerer og held ved like utstyr.

– Utviklinga går i raskt tempo, og vi treng ungdom som er interessert i teknologi, seier Gjøsund som meiner det er viktig at utdanningsinstitusjonane er engasjerte og aktive aktørar for at elevane kan bli godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter som finst i velferdsteknologi.

Ein stol som hjelper deg opp er noko av det teknologiformidlar Mette Marie Bruun Højsager ved Public Ingelligence APS viser fram til Marit Haugan Gjøsund (t.v.) og Ebba-Kristin Hjellbakk (t.h.) Foto: Anne-Mari Tomasgard
Denne finske oppfinninga minner deg på at det er på tide å ta medisinen, og du får også delt ut tablettar i ein liten pose. Tekst/tale kan stillast inn på fleire språk, også nynorsk. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Sjølv om ein ikkje lenger kan gå ut og nyte hagen for eiga hjelp, kan ein sjå det vekse og gro i ei moderne «blomsterpotte». Dette er moderne design, og ikkje berre velferdsteknologi. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Enkle hjelpemiddel kan gjere kvardagen lettare. Det raude på gaffelen er noko ein kan ta med på besøk eller på kafé, for så å setje på bestikket der ein er. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Det finst fleire typar senger som skal gjere det lettare både for brukar og pleiar. I Odense kommune må alle som får jobb innom «Knuds hus» for å få opplæring og inspirasjon i velferdsteknologi. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Ein kroppstørkar som bles deg tørr etter dusjen, kan vere praktisk for den som strevar med å bruke handkle for å tørke seg. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Lærar Marit Haugan Gjøsund testar den spesielle stolen som har ein roande funksjon. Fin for demente, men også for dei med ADHD eller psykiske vanskar. Stolen er fylt med store, litt tunge kuler. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Lærarane Marit Haugan Gjøsund (t.v.) og Ebba-Kristin Hjellbakk prøver ut velferdsteknologi ved senteret Public Ingelligence APS. I bakgrunnen teknologiformidlar Metter Marie Bruun Højsager. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Teknologiformidlar Mette Marie Bruun Højsager ved senteret Public Ingelligence APS demonstrerer «intelligent golv». På datamaskinen vil ein få varsel når ein person har falle og ligg på golvet. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Ein robot tek jobben med støvsuginga, slik at det blir frigjort tid til andre oppgåver. Foto: Anne-Mari Tomasgard
Fagerlia-elevane Synne Krogen (t.v.) og Emma Berset Sødergren frå Ålesund har hatt tre interessante veker i praksis i København. Velferdsteknologi blir ein naturleg del av yrket dei har valt. Foto: Anne-Mari Tomasgard