– Sluttdatoen for dagens sentralisering er sett. Den er 11. september, og eg gler meg, sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum i sin tale til landsmøtet ved opninga i Trondheim fredag formiddag.

Han er leiar for eit parti med kraftig medvind på meiningsmålingane og med sterk medlemsvekst. Det var også ein sjølvsikker partileiar som helste landsmøtet med ein tale der kamp mot sentralisering var ei av hovudoverskriftene.

Ein kommunereform med trugsmål om tvang, regionreforma, politireforma, lokalsjukehus under press og nedbygging av Heimevernet er gode kort i handa på Senterpartiet saman med kamp mot EU og internasjonale handelsavtalar som TISA. Vedum bladde seg gjennom heile denne kortstokken i sitt oppgjer med den sitjande regjeringa.

– Det er ikkje vi som har snudd kappa etter vinden, det er vinden som er snudd, sa han.

Aam: – Minner om EU-kampane

Ordførar Stein Aam frå Ørsta, flankert av Anita Kjersem (Sykkylven) og Kirstin Sørheim (Tingvoll) på «Mørebenken» på Senterpartiets landsmøte.

Ørsta-ordførar, Stein Aam, seier han kjenner dette veromslaget dagleg, og får minner tilbake til EU-kampane i 1972 og 1994.

– Eg ser akkurat det same no som då. Vi ser den same bølga av sentralisering, og dette er ei folkerørsle mot denne sentraliseringa, meiner han. Han fortel at han møter denne motstanden mot sentralisering av ulike tenester også lokalt i heime i Ørsta.

– Det er utruleg mange som no seier dei skal røyste på Senterpartiet som eg aldri hadde drøymt om skulle seie det, seier Aam.

Trygve Slagsvold Vedum ser årets valkamp som ein verdikamp, ein kamp for eit varmare samfunn, større tryggleik og tenester nærare der folk bur. Han vil stoppe nedbygginga av Heimevernet, behalde lokale polititenester, trygge lokalsjukehusa, sikre nasjonal, folkevald kontroll med naturressursane, setje foten ned for Brussel – og skyte meir ulv.

– Nærleikstenkinga som vi trur på, er ikkje gamaldags. Det som er stordriftsfordelar for nokon av oss, er stordriftsulemper for andre. Det er derfor grunnleggande rett at vi har desse tenestene i nærmiljøet, slik som skule og nav-kontor, der folk blir sett og ikkje berre er eit nummer i rekka, seier han.

Vedum peikar også på at sentraliseringa kan vere ein vond sirkel. Når ein teneste blir sentralisert og teken bort frå lokalsamfunnet, så forsvinn ikkje berre den men også breidda i arbeidsmarknaden. Slik blir lokalsamfunnet dobbelt tapar, både ved at enkelte tenester blir dårlegare tilgjengeleg og med eit mindre attraktivt bu- og arbeidsmarknaden.

– Sentralisering avlar sentralisering, seier Vedum. Han tar til motmæle mot dei som kallar Senterpartiet bakstreversk, populistisk og nasjonalistisk.

– Eg seier det eg trur på. Snakkar om dei verdiane eg meiner er rette, og då får folk kalle meg det dei vil, seier han.