Etter fleire tilfelle av vigslar i fallskjermhopp og andre ekstreme situasjonar, stramma Den norske kyrkje kraftig inn for nokre år sidan. Vigsel skulle berre gjerast i kyrkja. Så vart det opna for å gifte seg på stader der det har vore vanleg å feire gudsteneste.

No opnar Møre bispedømme enno meir opp. Ein ny rettleiar for stad om vigsel er sendt ut.

–  Vi får frå tid til annan spørsmål om vi kan gjennomføre vigsel på ulike stader, seier fungerande biskop Olav Gading.

– Og når dei har forstått kva reglene er, har det nokon gonger blitt sagt at «Ja men vi kan godt arrangere gudsteneste her også», fortel han.

Dette er dei nye reglane

Framleis skal vigselen kunne gjennomførast på verdig vis. Gading stadfestar at vigsel under fallskjermhopp dermed er framleis uaktuelt.

Medgått tid skal heller ikkje føre til auka vikarkostnader.

– Vi sa ein gong ja til at presten kunne stille men ikkje organisten. Då ordna brudeparet med ein som spela fele, fortel han.

Sjølv har han vore prest i ein vigsel i kyrkjeruinar i Selje.

Her kan du lese heile rettleiaren (ekstern side)

Sokneprest: – Ei stor endring

– Dette blir ei stor endring, seier sokneprest Margit Lovise Holte i Ulstein.

I fjor fekk ho dispensasjon til å halde vigsel på Hasundhornet.

– Dette opnar no eit rom for å bruke ulike alternativ. Det er eit veldig positivt signal frå biskopen. Vi har mange gonger sagt nei til folk som har ønskt å ha vigselen andre stader enn i kyrkja, seier Holte.

Ho meir enn antydar at kyrkja også står i ein slags konkurransesituasjon med andre som tilbyr vigsel.

– Eg veit om par som har fått nei frå kyrkja og derfor brukt andre alternativ, seier ho.

Fungerande biskop Olav Gading seier at det ikkje umogleg at dette kan spele inn når kyrkja no opnar opp.

– Samtidig er eg ikkje opptatt av at det skal vere så mange vigslar utanfor kyrkjerommet, eg syns at kyrkjene er veldig godt eigna, seier han.

Naturkatedral

Soknepresten i Ulstein ser for seg fleire stader der det kan gå an med vigsel dersom vêret tillèt det.

– Det er mange vakre stader i Ulstein, strendene til dømes, og på Flø. Det er naturskjønt på Sunnmøre, seier ho.