Politiet i Sogn og Fjordane melder at ein einebustad i Eid kommune brann ned til grunnen fredag kveld.

Det budde ingen i huset, ifølge politiet.

Naudetatane rykte ut til staden, men huset kunne ikkje reddast, skriv politiet på twitter.

Ifølge NRK Sogn og Fjordane, som har vore i kontakt med alarmsentralen, ligg huset i Hunvik.

Dei melder at det i byrjinga var frykt for at brannen ville spreie seg til ein låve, men brannvesenet fekk etter kvart kontroll.

Politiet registrerte meldinga klokka 1911.