Ordførar Lena Landsverk Sande (V) er både skuffa og overraska over vedtaket i utdanningsutvalet torsdag.

– Politikarane har ikkje sett kva konsekvensar dette fører med seg. No er det oppunder 50 elevar ved skulen, og viss 15 elevar forsvinn vil dette vere svært uheldig, seier Sande.

Samfunnsnytte

Nedgangen i søkjartalet var venta på grunn av eit lite kull, men ordføraren hadde håpt at politikarane såg verdien i å behalde tilboda.

– No er eg redd elevar ikkje tek sjansen på å søkje neste år, fordi dei fryktar nedlegging og at dei kjem bakarst i køen andre stader, seier Sande.

Over helga vil ho oppmode fylket om å ta saka opp igjen.

SKUFFA Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande meiner det er viktig at ungdom kan få gå i alle fall eitt år på vidaregåande i kommunen, for å sleppe å bu på hybel. Arkiv

– Politikarane sit på eit stort ansvar. Dei har ikkje diskutert skulemiljø, samfunnsnytte og distriktspolitikk. Viss dei berre ser på tal, då treng ein ikkje politikarar, seier Sande.

Ny sjanse neste år

Leiar i utdanningsutvalet, Bjarne S. Elde (Ap) understrekar at tilboda ikkje blir lagde ned. Dei blir berre ikkje sett i gang skuleåret 2017/18.

– Viss det blir større kull og høgare søkjartal neste år, så ligg tilboda betre an. Då blir det ny vurdering og nye moglegheiter, seier Elde og legg til at søkjartala er avgjerande kriterium, både for små og store skular.

– Kva vil du seie til dei som no ikkje får starte i Vanylven?

– Dei får ikkje førstevalet sitt, men må sjå på andrevalet eller tredjevalet. Då kan dei måtte velje ei anna fagretning, eller det kan bli hybel. Eg skjønar at elevar kan bli skuffa, men vi har økonomisk utfordring. Det er også ei pedagogisk utfordring med små klassar, seier Elde som legg til at målet er at 90 prosent av elevane skal få oppfylt førstevalet.

Som Sunnmørsposten har skrive før, så er det også fleire skular som får oppretta nye klassar som følgje av auka søkjartal. Ifølgje Elde blir desse tilboda justert administrativt og ikkje vedteke i utvalet.

Berga entreprenørskap

I alt 17 tilbod blei foreslått fjerna på grunn av for få søkjarar. Berre eitt av dei blei berga av politikarane.

Fleirtalet gjekk inn for å starte opp studiespesialisering, entreprenørskap og bedriftsutvikling ved Ålesund videregående skole, trass i berre seks søkjarar.

– Vi meiner det er på sin plass at Møre og Romsdal, med sine gründerar og sitt mangfaldige næringsliv, har dette tilbodet, skreiv rektor Ingunn Aagård i forkant av møtet og bad om litt tid til å snu nokre steinar, gjere justeringar og kome sterkt på banen igjen med tilbodet seinare.