– Ein del av dei store prosjekta kan måtte vente, seier Kristin Sørheim (Sp), og viser til Møreaksen, Hafast og andre fjordkryssingar på E39. Sørheim er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal og var utsending til Sp-landmøtet i helga.

Ho er klar over at utspelet er omstridd – også i Senterpartiet. Dei to toppkandidatane på partiet si stortingsliste, Geir Inge Lien og Jenny Klinge, er ueinige. Men ho får også støtte.

Tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete var Sp-leiar og kommunalminister for den raudgrøne regjeringa då dei i NTP for 2014–2023 lovde 150 milliardar til ferjefri E39. Dette var i valåret 2013.

Så har kostnaden for E39 meir enn dobla seg – til 340 milliardar så langt. Samstundes har vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane eksplodert.

Kostnadsbombe

– Kostnadane er hinsides annleis no. Eg vil ikkje sleppe E39, men vi må vente med fjordkryssingane til vi har fått kostnadane ned, seier Navarsete. Ho meiner det rettaste vil vere å satse på å bygge veg mellom fjordkryssingane først. Både ho og Sørheim ser på lovnadane Møreaksen har fått mest som eit valkampkort for regjeringspartia. Senterpartiet vil ha ein kraftig auke i rammene til fylka for å satse på fylkeskommunale vegar. Landsmøtet vil ha eit eige program for å ta att forfallet. Tala frå Statens vegvesen er dyster lesing. Allereie for fem år sidan var vedlikehaldsetterslepet kostnadsrekna til 55 milliardar. Talet for Møre og Romsdal var då 5,6 milliardar, der den største potten var tunnelsikring.

– Tala stig no veke for veke, seier Sørheim. Ho meiner eit meir realistisk overslag er 8–10 milliardar for Møre og Romsdal. Ho legg då til grunn at overslaga for tunneloppgradering er for lågt, samt at det i tillegg må brukast mykje meir på ferjekaier for å møte krava til nye miljøferjer.

Budd på bråk

– Du forstår at dette betyr bråk?

– Ja, også blant mine eigne. Også eg meiner at Møreaksen er eit høgt ønska prosjekt i fylket, men eg ser det viktigare å få pengar til vedlikehald enn å forsere E39. Det går på helsa laus mange stader, seier ho.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge er sterkt usamd med Sørheim. Ho meiner at ei utsetjing av fjordkryssingane på kysten av Vestlandet no, vil føre til at desse pengane blir brukt andre stadar.

Difor vil ho ha både meir til vegvedlikehald og til ferjefri E39. Det vil ho få til ved å auke rammene til samferdsle.

– No må vi køyre på med Møreaksen, seier ho. Geir Inge Lien vil også stå på for å få ei rask realisering.

Underfinansiert

I dag får Møre og Romsdal 122 millionar ekstra til vedlikehald og 45 millionar ekstra til tunnelsikring. Sørheim meiner at fylket treng minst 200 millionar meir i året, truleg heile 300 millionar om fylket skal klare dette løftet.

Sørheim understrekar at heller ikkje ho vil sleppe målet om ein ferjefri E39, og vil prioritere kysten av Vestlandet.

– Senterpartiet skal stå på vidare for ferjefri E39, men vi må få ned kostnadane, seier ho.

Ho meiner også det er meir akutt for næringslivet at det blir gjort noko med eksportvegen, innfartsvegen til Ålesund, kollektivtilbodet, ny veg mellom Betna og Stormyra, heilårsveg til Geiranger, Strynefjellsvegen og dei mange bruene som snart er kondemnerbare.

– Det hjelp lite med ein fin ny firefelts veg mellom Ålesund og Molde om vi ikkje gjer noko med flaskehalsane i det eksisterande vegnettet, meiner Sørheim.

– Vi må køyre på med Møreaksen, elles vert desse pengane brukte andre stadar i landet, seier Jenny Klinge. Foto: Jan Erik Røsvik