Liv Signe Navarsete (Sp) er allereie av fleire peika ut som Senterpartiet sin fremste forsvarsminister-kandidat. Ho er krystallklar på at ho vil gjere det ho kan for å hindre nedlegging av Setnesmoen på Åndalsnes og reduksjon i talet på HV-soldatar.

Landsmøtet i partiet vedtok søndag eit program og ein uttale der dei vil auke den totale styrken til Heimevernet frå dagens 35-40.000 soldatar til 50.000, auke HV sin struktuir og styrke utdanninga av HV-soldatane. Kravet er eit operativt, desentralisert heimevern med gode kapasitetar.

- Om vi ikkje opprettheld ei viss masse, blir Heimevernet irrelevant, seier ho.

Geir Inge Lien, andrekandidat på partiet si stortingsliste i Møre og Romsdal og ordførar Tove Hennøen i Fræna er særleg uroa over kva ei svekking av Heimevernet, nedlegging av Sjøheimevernet og avvikling av Setnesmoen vil ha å seie for den lokale beredskapen i krisesituasjonar.

- Det ligg ein utruleg viktig kompetanse i lokalkunnskapen vi har ute i Heimevernet som kan gå tapt, seier Lien.

Hennøen syner også  til kva heimevernet, sjøheimevernet inkludert, betyr for sikring av oljeinstallasjonar som til dømes Nyhamna på Aukra – eit anlegg som dekkjer 20 prosent av gassforsyninga til Storbritannia.

- Riksrevisjonens rapport syner klart at objektsikringa er for dårleg. Det veit også statsministeren, seier Navarsete. Ho meiner vi såg ein statsminister som var langt meir audmjuk enn forsvarssjefen og politidirektøren under høyringa om denne rapporten.

Ho stussar då svært på ein uttale Erna Solberg har gitt til avisa Næring, der ho seier at objektsikringa ikkje er eit ansvar for politikarane. Navarsete er klar på at Heimevernet må ha ei klar rolle i denne objektsikringa.

- Med dagens regjering fryktar eg at vi vil sjå meir nedleggingar når vi får landmaktsutgreiinga kjem, seier Navarsete. Senterpartiet krev at landmaktutgreiinga kjem i god tid før valet, og meiner at veljarane har krav på å få vite kva hær og heimevern dei ulike partia vil prioritere før stortingsvalet i september.