Løyvinga ligg inne i regjeringas framlegg til Nasjonal Transportplan allereie i 2018. Det fortalde stortingsrepresentant Oskar Grimstad (Frp) på ein pressekonferanse i Gjerdsvika måndag.

– Dette er ei vinn- vinn investering for både bygda og regionen, seier Oskar Grimstad.

Utvikling

Han rosa engasjementet til næringslivet i bygda, som med sine 400 innbyggjarar har bedrifter med ei årleg omsetnad på 700 millionar kroner.

– Gjerdsvika har eit internasjonalt næringliv og ei utvikling som er imponerande, seier Grimstad.

Pengene skal Kystverket ruke til å fordjupe hamna og innseglinga slik at også støtte båter kan ta seg inn til Gjerdsvika.

- Vi satsar på at arbeidet kan ta til i 2018, seier ordførar Dag Vaagen i Sande.

Lang kamp

Innbyggjarane og næringslivet i Gjerdsvika har venta lenge på den nye fiskerihamna. At det har vore konkludert med at utbygginga ikkje er samfunnsøknomisk lønsam har ikkje gjort kampen for løyvinga enklare.

–Dette handlar om å leggje til rette for framtida, seier Camilla Storøy, som representerte regjeringa sitt støtteparti KrF då nyheita vart sleppt.