31. mars blir aksjonen avslutta. Eit fleirtal på Stortinget går etter alt å døme inn for å slå Haram saman med nye Ålesund med tvang. Fordi kommunestyret i Sandøy ønskjer å bli med i Ålesund, blir Haram inneklemd, meiner Stortinget.

No skrur aksjonskomiteen i Haram opp temperaturen. For Haram med 9.300 innbyggjarar kan umogleg bli inneklemd av lille Sandøy med sine 1.300, meiner dei.

– Lat oss minne om at folketalet i Haram er åtte gongar så stort som den kommunen samarbeidspartia meiner skaper ein situasjon der vi blir liggande inneklemt, skriv aksjonsgruppa i eit brev til kommunalkomiteen.

Aksjonsleiar Edel Tolås utdjupar overfor Sunnmørsposten.

– Eg kan ikkje forstå at vi blir inneklemt. Dersom nokon tar på deg med ein finger, så er du ikkje inneklemt, seier ho.

Flest underskrifter på butikkane

– Vi fekk tid hos kommunalkomiteen 5. april, fortel Arnt Ove Tenfjord i aksjonskomiteen.

– Mange meiner seg lurt og overkøyrde slik resultatet no ser ut til å bli. Det var ikkje dette folket bad om, skriv aksjonsgruppa i brevet til kommunalkomiteen.

For to veker hadde dei rundt 1.400 underskrifter. No er det på butikkane i Haram at dei fleste underskriftene har kome. Ifølgje Tenfjord har dei no rundt 2.300 underskrifter på papir, i tillegg til like over 1.000 underskrifter på nett.

Til samanlikning var det 3.950 i Haram som avga stemme ved kommunevalet for to år sidan.

Urolege for økonomien

Både i kommunestyret og i folkerøystinga i fjor har dei fleste i Haram sagt nei til samanslåing med Ålesund.

Ifølgje Jonny Helland, dagleg leiar for Samfjordkvartalet as, er det mange i Haram som er urolege for ei tvangssamanslåing. Ålesund er for tredje gong inne på Robeklista. Ørskog kom inn på lista i fjor for første gong.

– Haram har skjøtta buet sitt bra, med god eldreomsorg og gode skular. Den gjengse mann i gata lurer på om det kan bli verre, seier Helland.

Før han legg til:

– Å påstå at Haram, som har like mykje folk som Sandøy, Skodje og Ørskog til saman, er inneklemt, det er den mest tøysete utsegna eg nokon gong har høyrt.