Stian Grønbech (39) skriv og framfører musikk under namnet Elias Jung. Grønbech er opphavleg frå Lofoten, men bur på Lauvstad i Volda.

– Elias Jung vart til i 2001. Då fann eg ut at eg kunne skrive tekstar. Eg skriv om alt mogeleg, alt frå kjensler og inntrykk til politikk og eksistensielle spørsmål. Det komande albumet har mange fasettar, og eg håper det gir rom for ulike tolkingar, seier Grønbech.

Dødvekt

Tysdag slepper han musikk- videoen «Deadweight». Det er studentar på animasjons- utdanninga ved Høgskulen i Volda som har laga han.

– Videoen har blitt mykje betre enn eg såg føre meg, han er heilt fantastisk, synest artisten. To dagar etter videosleppet vert singelen «Deadweight» lagt ut på digitale strøymetenester som Spotify og Tidal.

I mai gir Elias Jung ut albumet «Waiting For The Flood», både fysisk og digitalt, på labelen Great North Records.

– Eg har brukt å karakterisere musikken min som i grenseland mellom indierock og americana. «Waiting For The Flood» er meir i retning det eg kallar westernpop. Eg nyttar meir elektroniske verkemiddel enn før, og lydbildet på det nye albumet er rikt instrumentert, forklarer Grønbech.

Samspel

Elias Jung har tidvis med seg andre musikarar når han spelar musikk. På den nye plata medverkar Håkon Aaltvedt, Ørjan Berre, Fritz Flåmo Eidsvaag og Guro Gjøsdal Grønbech (ja, ho er kona til Stian).

Dedikert

I tillegg til sitt eige musikalske prosjekt, spelar Stian Grønbech gitar i Tromsø-bandet The Late Great, som for tida har vind i segla.

– Det har blitt ein del jobbar og nokre utgjevingar med The Late Great, og planen er å gje ut Elias Jung-musikk litt hyppigare også, no når eg har fått opparbeidd meg ein plattform.

Til dagleg er Stian Grønbech lærar på ungdomstrinnet på Dalsfjord skule.

– Ein må då ha mat på bordet og tak over hovudet. Og eg er dedikert til lærar- jobben, så det blir ein kamp om tida for Elias Jung, seier han.

Stillbilde frå musikkvideoen «Deadweight», laga av animasjonsstudentar i Volda. Foto: Stillbilde frå musikkvideo