Lange sandstrender, hav og gras. Så langt er alt som det skal vere med biletet som tronar på toppen av den nye heimesida til Sandøy kommune.

Det er berre ein hake: Sandstranda på bildet er dansk.

Det er lokalavisa Nordre som melder dette. Kristian Fuglseth, høgskulelektor ved avdeling for mediefag og PR ved Høgskulen i Volda, kallar dette lite gjennomtenkt.

– I gjerningsaugneblinken kan det kanskje verke uskyldig om det liknar, men det er ikkje sant. Dei tuklar med sanninga. Det øydelegg heile føremålet med å ha bilete på nettsida, seier Fuglseth til avisa.

Fungerande rådmann i kommunen, Kim-André Breivik, forklarar det heile med at kommunen ikkje hadde bilete i stor nok oppløysing sjølve, og at dei difor har brukt eit eksempelbilete frå leverandøren av nettsida.

– Det skal ikkje vere slik, men vi har hatt fokus på innhald først, seier Breivik til Nordre.

Han fortel at kommunen ønsker å halde ein fotokonkurranse for å skaffe bilete til nettsida, men har ikkje ein dato klar enno.