Mørenett vil samle aktiviteten på Søre Sunnmøre på ein stad, og ein rapport tilrår Dragsund i Herøy. Dermed må 50 tilsette som i dag har arbeidsstad Hovdebygda pendle til Dragsund.

I formannskapet

Dette er ikkje populært i Ørsta, og tysdag var Mørenett-leiinga kalla inn til formannskapet for å forklare seg.

Avtalebrot?

Ordførar Stein Aam leste frå aksjonæravtalen som låg til grunn for fusjonen mellom Tussa og Tafjord sine nettselskap til dagens Mørenett. Han meinte det var ein føresetnad at Mørenett skulle ha hovudkontor i Ørsta, og at aksjonærane skulle bli informert om viktige prosessar i Mørenett.

– Kan ein berre hoppe bukk over aksjonæravtalen?, spurde ordføraren.

Dragsund

Mørenett- leiinga snakka minst mogleg om aksjonæravtalen.

– Vi har sett på kva som gagnar Mørenett best, og har landa på samanslåing og lokalisering i Dragsund, sa administrerande direktør Rune Kiperberg.

Ei samlokalisering vil gi sparte driftsutgifter på 4,8 millionar i året. For arbeidsgruppa har det vore eit viktig argument at bygget i Dragsund er eigd av Mørenett, og at det er bygd for å huse eit nettselskap. Og på grunn av den dårlege eigedomsmarknaden i ytre er det økonomisk risiko knytt til å selje bygget, meiner gruppa.

– Denne løysinga har også fordelar med tanke på nøytralitet og armlengdes avstand i høve til eigarselskapa, står det i rapporten.

Sukra pillen

Mørenett-direktør Rune Kiperberg prøvde å sukre pillen for Ørsta-poltikarane ved å peika på at Ørsta kan få tilført arbeidsplassar gjennom andre endringar som er på gang i Tussa/Tafjord-konserna. For det første skal leiinga i ein ny divisjon i det nye selskapet BKK/Enotek, der Tussa er medeigar, ligge i Ørsta. For det andre ligg det i lufta at knappe 20 tilsette ved Tussa IKT, som i dag jobbar i Dragsund, kan bli overførte til Ørsta dersom Mørenett samlokaliserer sine søreaktivitetar i Dragsund.

Tussa-bygget i Dragsund. Foto: Knut Arne Aarset