Tidlegare i mars blei det kjent at Åge Remøy sitt nye selskap In Nord Vest, har kjøpt seg opp i Vestland Offshore. Herøyværingen har kapra 60 prosent av aksjane i Austevoll-reiarlaget som gir kontroll over driftsselskapet og fire nyare PSV-ar.

Børsnotering?

Remøy seier rimeleg drift var noko av det som freista til å investere og at selskapet har potensiale til å vekse.

– Planen er å drive selskapet som i dag, men vi håpar å kunne tilføre meir etter kvart, fortel Remøy til Sunnmørsposten.

Ved å tilføre meir, meiner Remøy fleire skip av nyare årgang. Han påpeiker at tre av dei fire PSV-ane i selskapet har lange kontraktar.

På sikt ser ikkje Remøy vekk ifrå at ei børsnotering kan vere aktuelt. Men då må selskapet først «vekse betydeleg», seier han.

Sævik-band

Det er óg andre nære band mellom reiarlaget og Sunnmøre. Per Sævik var med som investor allereie frå starten saman med Tor Østervold, som er eit kjent namn i fiskerikretsar. I tillegg var brørne Tor og Kjell Hufthammer og dagens reiardirektør Per Vidar Hille med å starte opp reiarlaget i 2008.

Havila-eigar Per Sævik – som Remøy leiger lokale av og delar lunsjkantine med på Mjølstadneset – har også vore i styret sidan. Åge Remøy vil ikkje seie korleis Vestland Offshore-moglegheita dukka opp, eller om Sævik har spelt ei rolle. Havila Holding og Havyard har óg vore mellom dei største aksjonærane i Vestland Offshore, men sitt att med ein mindre post etter at Åge Remøy kom inn.

Bakgrunnen for investeringa er at Vestland Offshore trengde frisk kapital, og den nye avtalen med kreditorane i GIEK og DnB strekker seg til utgangen av 2020.

Pengar – og kunnskap

Vestland Offshoredirektør Per Vidar Hille seier oppkjøpet til Remøy blei god motteke i selskapet.

– Ikkje berre er han ein investor, men vi meiner han også kan tilføre oss kunnskap og grunnlag for å bygge selskapet vidare, seier Hille til Sunnmørsposten.

I 2014 og 2015 omsette offshoredrifta for drygt 200 millionar, men inntektene gjekk ned i fjor. Dei fire nemnde PSV-ane skal driftas via Vestland Management, medan dei andre skipa er eigd av andre selskap. Remøy har ikkje planer om å flytte verksemda frå Austevoll.