Ikkje så reint lite livsfarlege, dersom nokon skulle bli treft av isjuklar med ei fallhøgd på 270 meter! Innbyggjarane tok umiddelbart kontakt med Statnett, og har vore i kontinuerleg dialog sidan.

Statnett tek ansvar

Og Statnett for sin part tek saka på største alvor:

– Dokumentasjonen vi fekk frå huseigarane gjorde at vi straks gjekk inn med granskingar i saka, seier kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson til Sunnmørsposten.

Ho vedgår at dette er ei problemstilling Statnett knapt har sett maken til.

– Det dannar seg nesten aldri is på lågthengande fjordspenn. Einaste andre unnataket vi veit om er eit spenn i Nordland, men der er det ikkje fastbuande folk involvert, opplyser Hagerup Nilson.

Protesterte

Minst ein grunneigar på Høydalsneset i Volda protesterte i juni 2013 heftig på plasseringa av den nye høgspentlinja over hustaka, og kravde byggestopp. Dette kom derimot langt etter høyringsfristen, då Statnett fekk konsesjon på denne linjetraseen alt i 2011.

Linja nord til Ørsta var ferdig bygd i 2014, då det også vart sett spenning på denne delen.

Spenning gjev varm linje, som igjen genererer ising. Denne isinga kan no bli ein dyr affære for Statnett.

– Vi har felles forståing

– Kor langt er Statnett villig til å strekkje seg for å kome innbyggjarane sine krav i møte?

– Eg opplever at vi har ei felles forståing av faren og problema dette uventa isnedfallet kan føre til.

KJEM I MØTE Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett er svært innstilt på å kome grunneigarane i møte. Foto: Knut Arne Aarset

– I dette ligg det at vi er innstilte på å løyse inn eigedomane, slik at dei råka kan etablere seg på nytt på ein trygg stad om dei ynskjer det, seier Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Sidan det framleis vert forhandla om erstatningsavtalar med fem partar i saka, ønskjer ho ikkje å gå inn i detaljar om forhandlingane.

Står ikkje fram no

Det er elles ikkje kjent om helseinstansar eller andre aktuelle instansar har vore inne i biletet.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med dei aktuelle grunneigarane, men ingen av dei ønskjer å stå fram i denne saka medan forhandlingar om erstatning framleis går føre seg.

Sunnmørsposten kjenner likevel til at det er registrert og dokumentert nedfall av etter måten store og tunge isfraksjonar – frå den seks centimeter tjukke høgspentleidningane over Høydalsneset.

NEDFALL Isjuklar som losnar 270 meter oppe i lufta er ikkje nokon spøk å ha hengjande over seg. Illustrasjons

Oppsitjarane her har konstatert isnedfall mot eigedommane sine for tredje vinteren på rad, men så langt utan at folk eller bygningar er trefte av isklumpane.

Det er også kjent at det mest sannsynleg vil vere snakk om ei total sanering av dei husa som ligg i faresona for isnedfall.

Omfattande rapport

I den omfattande fagrapporten Statnett tinga frå Kjeller Vindteknikk i Oslo vert det stadfesta at spesielle meteorologiske forhold ved Høydalsneset fører til dei aktuelle isproblema.

Risikovurderinga er innhenta frå Lloyd’s Register Consulting.

Rapporten skildrar at faren for isnedfall er størst rett etter snøfall – med temperatur kring null.

Då vil kram og fuktig snø klebe seg til den varme linja og fryse til is.

Vekslande vindretning mellom aust og vest verkar direkte inn på isløysinga.