Det er studentavisa Nærnett som melder dette.

Den unge filmskaparen Simon Gjerde Tonev frå Hareid var nominert til Amandus Internasjonale Studentfilmfestival for filmen «The Letter».

Den 12 minutt lange kortfilmen er spelt inn på Kvitneset i Hareid, og handlar om kor brutalt det er med krig.

– Vi er ein gjeng som har eit sterkt ønskje om å skape noko provokativt, intenst og brutalt  som verkelig presenterer kva slags vanvittige ting menneske kan gjere mot kvarandre i krig, sa Simon Gjerde Tonev før festivalen.

– Kortfilmen ønskjer å formidle ein bodskap om at menneske er menneske uansett kvar dei kjem frå og at hat ikkje kan nedkjempast med meir hat og hemn, men med kjærleik og tilgjeving, sa den unge filmregissøren.

Her kan du sjå filmen (ekstern lenke)

Totalt 26 personar mellom 16 og 24 år var involvert i prosjektet.

«The Letter» var nominert til Amandus UNG (16-20 år) i kategorien fiksjon på Lillehammer. Den prisen glapp, men dei vann publikumsprisen.

På Sogndal Filmfestival blei det fire av fem prisar: Beste regi og manus, beste etterbehandling, juryprisen og publikumsprisen, ifølgje Nærnett.