Prisen Årets Anlegg 2016 blei delt ut under Byggedagene 2017, på gallaen onsdag kveld, skriv bygg.no.

Blant mottakarane av prisen var Ørsta-firmaet Aurstad AS, som saman med Implenia bygde den 15 kilometer lange strekninga frå Vinstra til Sjoa.

- Som ein av hovudentreprenørane på prosjektet er vi glade og stolte, seier Per Kristian Langlo, administrerande direktør i Aurstad AS.

Sterk konkurranse

Det er tidsskriftet Byggeindustrien som står bak prisen.

Vegprosjektet E6 Frya-Sjoa blei kåra i sterk konkurranse med dei to andre nominerte: Ustiktspunktet på Gaularfjellet og Nedre Røssåga kraftverk.

– Det var fleire gode kandidatar til å vinne prisen Årets Anlegg i 2016, og det var ikkje enkelt å kåre vinnaren, seier juryleiar Arne Skjelle til bygg.no.

Største vegutbygginga i landet

Heile det 33 kilometer lange vegprosjektet opna 17. desember. Anlegget har vore den største vegutbygginga i Norge dei siste åra.

Prosjektet var delt i to hovudentreprisar som begge var Norges største reine vegkontraktar då dei blei signerte.

AF Anlegg var hovudentreprenør for den 18 kilometer lange strekninga Frya-Vinstra, medan arbeidsfellesskapen E6 Implenia Aurstad bygde strekninga Vinstra-Sjoa på vegne av byggherre Statens vegvesen.