Det gjekk eit sukk gjennom salen då landsmøtet i Venstre stemde over eit forslag frå Oslo Venstre om å seie ja til norsk EU medlemskap. For dette er saka som i si tida splitta Venstre i to parti.

I debatten kom Gunn Berit Gjerde frå Hareid med ei tydeleg oppmoding om å avvise forslaget.

- Har vi råd til å få eit delt Venstre i den kampen vi no skal føre mot dei som vi ha oss ut av EØS? Eg ber om at vi står samla, og går vidare som eit samla Venstre, sa Gjerde.

Heldt pusten

Etter ei fintelling der fleire heldt pusten vart forslaget avvist med 113 mot 107 stemmer. På benken til Møre og Romsdal stemde nesten alle for å avvise forslaget om å seie ja til EU-medlemskap.