Lesesal Sjølvstudium på lesesalen er ein viktig del av dei fleste studium. Har du spørsmål om studentliv, om poenggrenser eller hybelsituasjonen, kan du stille spørsmål i Smp.no sitt livestudio. Bildet er frå ein lesesal ved NTNU i Ålesund.
            (Foto: Staale Wattø )

Lesesal Sjølvstudium på lesesalen er ein viktig del av dei fleste studium. Har du spørsmål om studentliv, om poenggrenser eller hybelsituasjonen, kan du stille spørsmål i Smp.no sitt livestudio. Bildet er frå ein lesesal ved NTNU i Ålesund.Foto: Staale Wattø

Svarer på alt du lurer på om studium på Sunnmøre

Lurer du på å studere i Ålesund eller Volda? No har du sjansen til å stille spørsmål og få svar på Smp.no.
Svarer på spørsmål Marielle Ryste Hauge, opptakskoordinator ved NTNU i Ålesund, er ein av dei som svarar på spørsmål.
            (Foto: NTNU)

Svarer på spørsmål Marielle Ryste Hauge, opptakskoordinator ved NTNU i Ålesund, er ein av dei som svarar på spørsmål.Foto: NTNU

I staden for eit kortvarig nettmøte, har Smp.no i år valt å ha ope eit live-senter over fleire dagar.

I live-studioet som vil vere lett synleg på Smp.no, kan folk sende inn spørsmål om alt dei lurer på om ulike studium og studentlivet ved NTNU i Ålesund og ved Høgskulen i Volda.

Svarer frå måndag

Folk kan begynne å stille spørsmål no, og live-studioet vil vere ope til og med onsdag klokka 14.

Studentar og tilsette ved NTNU i Ålesund og Høgskulen i Volda vil sitje i panelet og svare på spørsmåla. I panelet sit også folk frå studentsamskipnadene som har ansvar for studentbustader og diverse velferdstilbod.

Dei vil begynne å svare på innkomne spørsmål i løpet av måndag ettermiddag.

Har du spørsmål om høyere utdanning?

Nettmøte om studier i Ålesund og Volda

Fristen for å søke høyere utdanning nærmer seg. Her kan du få svar på dine spørsmål.


– Det viktigaste er å spørje. Ingen ting er for dumt å spørje om. Og så skal vi svare så godt vi kan, seier Marielle Ryste Hauge, opptakskoordinator ved NTNU i Ålesund.

–Det er veldig bra at potensielle studentar her får sjansen til å sende inn spørsmål og få svar, seier Veronica Kvalen Pilskog som jobbar med studentrekruttering ved Høgskulen i Volda.

Hybel og poenggrenser

Av erfaring veit Pilskog at studentane lurer på mykje forskjellig. Det kan vere spørsmål om hybel, om studentmiljø eller karaktersnittet for å kome inn på dei ulike studia.

Ho reknar med at det også vil bli spørsmål om lærarutdanning som no er blitt femårig.

Også Hauge reknar med at poenggrensa blir tema. Spørsmål om kva ein kan studere i Ålesund er også noko folk lurer på, samt søknadstekniske ting.

Les også: Slik innreder du en studentbolig (abo)

Dette er de mest stilte spørsmålene til Samordna opptak

Mange regionale studentar

Pilskog håpar mange brukar livechatten og nyttar sjansen til å spørje om det dei lurer på. Sidan det er på smp.no reknar ho med at det helst er regionale lesarar.

– For oss er det viktig å få fram at ein kan studere der ein er frå og ha det kjekt, seier Pilskog og fortel at Volda no har mest heiltidsstudentar frå Oslo og Bærum.

NTNU i Ålesund har mykje regionale studentar. 70 prosent av dei aktive studentane er frå Møre og Romsdal, ifølgje Hauge.

Søknadsfristen til høgare utdanning er 15. april.

Send dine spørsmål her

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
NTNU i Ålesund.

NTNU i Ålesund.

Høgskulen i Volda
            (Foto: Svein Aam)

Høgskulen i VoldaFoto: Svein Aam

Leses nå
 

Forsiden nå:

Sparket og spyttet - traff politibetjent:

- Jeg har HIV og hepatitt

Sunnmøring dømt for vold, trusler og skadeverk.