– ZDF har i mange år hatt eit program der dei tek opp uløyste krimsaker, fortel politiinspektør Ynge Skovly i Møre og Romsdal politidistrikt.

Folk frå tv-stasjonen var i Ålesund i desember for å få opplysningar om saka.

– Dei skal lage ei dramatisering av saka, med tyske skodespelarar. Denne innspelinga skjer i Tyskland. Vidare har dei fått hjelp av TV2. Programmet skal sendast i sommar ein gong, seier Skovly.

Har ser ikkje vekk i frå at dette kan hjelpe etterforskinga.

– Kanskje nokon i Tyskland har bilete frå Geiranger som vi ikkje har sett. Trude Espås hadde også skrive «tysker» på ein lapp, seier Yngve Skovly.