– Vi meiner å ha funne ei god løysing ved å opne for naust opp til 60 kvadratmeter som ein generell regel, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner til Sunnmørsposten.

Samstundes kan kommunen etter ei konkret vurdering godkjenne større naust.

Kan óg gi løyve til større

Kommunen ønskja å gi lov til å bygge naust opptil 80 kvadratmeter i den nye kommuneplanen – ei dobling frå standarden på 40 kvadrat. Det var Miljøverndirektoratet skeptiske til og fylkesmannen ville stoppe på 50 kvadrat.

Då mekling ikkje førte fram, hamna saka på bordet til kommunalminister Jan Tore Sanner.

(saka held fram under)

Avgjerda er altså at departementet seier ja til  ein generell regel om å auke arealet til 60 kvadrat – slik Herøy også har fått løyve til.

– Det kan også bli gitt løyve til større naust i konkrete høve, opplyser Sanner.

– Tradisjon

I grunngjevinga i ei pressemelding som blir sendt ut måndag blir det vist til at Sula har tradisjon for store naust, og at dei vil tilpasse storleiken når dei lagar reguleringsplanar.

– Mitt utgangspunkt er at kommunane skal ha store handlingsrom i slike saker. I Finnmark må du har respekt for snøskuterkjøring og i Innlandet må du ta særskilte omsyn til bruk av utmark. Og på Vestlandet er naust viktig, påpeiker Sanner.

Også i fleire andre kommunar skal det vere ønskje om å gi løyve til større naust, men førebels har Sanner berre hatt Herøy- og Sula-nausta på sitt bord.

– Det blir hevda at slike nauststørrelser er eit sunnmørsfenomen. Er det rett slik du kjenner saka?

– Eg vil ikkje vere dommar i den konkurransa, men vi veit at naust er viktig på kysten. Når kommunane legg fram gode planar som viser at dei tenkjer på heilskapen, meiner eg det er viktig å kome kommunane sine ønskjer i møte. Men det skal naust og ikkje hytte, påpeiker han.

– Tett busett

Sanner meiner ei generell løyve til naust på 80 kvadratmeter vil vere uheldig av omsyn til allmennheita og strandsona.

– Sula er ein relativt tett busett kommune med bratt terreng, som tilseier at friluftsliv langs sjøen og ålmenta si tilgjenge til strandsona må prioriterast høgt, heiter det i grunngjevinga frå departementet.

Dei påpeiker at kommunen vil vurdere omsyna i dei ulike områda, ved å  differensiere storleiken på nausta gjennom reguleringsplanar.

Departementet gir også grønt lyst for eit mindre bustadområde i 100-metersbelte på Haneneset/Rørstad, der fylkesmannen hadde motsegn.

Synfaring

I haust var dei ulike etatane på synfaring i Sula. Varaordfører Svein Værnes argumenterte då i Sunnmørsposten med friheita til å seie ja om folk ønskjer å bygge stort, men at dette høyrde til unntaka.

Jon Ivar Eikeland hos fylkesmannen peika på si side på at naust over 35-40 kvadrat ofte blir innreia for varig opphald, noko som er i strid med lova.