Mannen som er tiltalt for å ha råkøyrt med motorsykkel gjennom tunnelen frå Volda til Hornindal i fjor haust, nekta for at det var han då rettssaka mot han var oppe i Fjordane tingrett måndag.

– Vi meiner det er nok forhold som knyter tiltalte og sykkelen til denne køyreturen, sa aktor, politiadvokat Arne Roti og la ned påstand om 30 dagar fengsel for mannen.

Såg 180 på speedometeret

Sivil politipatrulje frå Nordfjord hadde stilt seg opp ved Aurstad i Austefjorden ein fredag kveld i haust. Plutseleg registrerte dei høgt turtal ved ei forbikøyring, retning Hornindal. Dei valde å følgje etter, men gav seg ikkje til kjenne som politi. Dei var aldri så nær at dei såg skiltnummeret på motorsykkelen.

RETTSSAK: Politiadvokat Arne Roti var aktor i saka, medan advokat Reidar Blom forsvarte den tiltalte yrkessjåføren frå Stranda.

– I første svingen i Kvivstunnelen ser eg 180 km/t på speedometeret, samtidig som han dreg frå. Eg køyrde i over 200, utan å ta innpå, fortalde politibetjenten i retten.

Då politipatruljen kom ut av tunnelen, såg dei motorsykkelen svinge i retning Stranda.

– Det var meiningslaust å følgje etter, fordi han køyrde så fort. I staden samla vi informasjon frå folk vi møtte, fortalde politibetjenten som altså ikkje lukkast å finne motorsykkelen denne kvelden.

Bank- og teledata

Saka blei kjend gjennom media, og i retten kom det fram at eit vitne tok kontakt etter nokre dagar. Vedkomande hadde høyrt rykte om at det kunne ha vore ein som jobba i eit transportfirma.

Ein av politibetjentane tok også kontakt med eigar av ein bil han kjende att på videoopptak frå politibilen. Vedkomande var temmeleg sikker på kva merke motorsykkelen hadde, sidan han sjølv hadde ein liknande. Etter å ha kopla søk i fleire register, kom politiet fram til namnet på ein person som er busett i Stranda.

Politiet har henta ut trafikkdata frå mobiltelefonen hans som dei meiner viser at han har vore både i Ørsta og vidare til Dragsund, før han returnerte den aktuelle kvelden. Dei har også bankdata som viser at han har fylt bensin både i Ørsta og Stranda.

Krev frifinning

Forsvarar Reidar Blom meiner mannen må frifinnast. Han stilte store spørsmål ved bevisa som er lagt fram og minte retten sine medlemer om at dei for å dømme må vere sikre på at det var tiltalte som køyrde.

– Politiet har gjort dårleg arbeid. Ein har ikkje bevis. Det finst ingen antydning til identifikasjon av motorsykkel eller person, sa Blom som også synest det er merkeleg at politiet einsidig har gått på ein person ut frå anonyme tips.

I vognkortet for motorsykkelen står det at toppfarten er 170 km/t.

– Eg har aldri testa maksfart, så eg veit ikkje kor fort sykkelen kan køyre, sa tiltalte.

Aktor på si side meiner at slikt er lett å manipulere.

Mannen er yrkessjåfør og forklarte i retten at han i jobben køyrer 600 kilometer for dag. Han har også køyrt motorsykkel i fire år og aldri vore borti noko. Mannen er fråteken førarkortet i samband med saka, og i retten bad han om å få det tilbake, slik at han kan kome seg i jobb igjen. Aktor la ned påstand om at han mister førarkortet i 30 månader.