Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt manglar kapital til drift i 2017. Det skriv Hellesylt.info.

Økonomien har vore vanskeleg siste åra, og før årets sesong er det jobba med løysingar for å sikre drifta. Hittil utan å lukkast.

Har jobba med løysingar

Styret innstiller no på at selskapet må melde oppbod.

– Om det ikkje skulle kome opp løysingar i dagane fram til generalforsamlinga, har styret ikkje anna val enn å melde oppbod. Peer Gynt Galleriet vil difor bli stengt i 2017, seier styreleiar Dag Stadheim til Hellesylt.info.

Styret hadde på gang opplegg for å sikre drift i åra framover, eit opplegg som skulle setje Hellesylt på kartet. Og Starheim er skuffa over at dette opplegget rauk.

Eig fem relieff

Ekstraordinær generalforsamling blir 24. april.

Dei einaste aktiva i selskapet er fem Peer Gynt-relieff. Om desse blir selde, er det ingen ting igjen av galleriet, ifølgje den lokale nettstaden.

Det er kunstnaren og treskjeraren Oddvin Parr som har laga relieffa. Kunstsenteret opna i 2002.