Stoppa bil i 143 km/t

UP beslagla to førarkort i Ålesund natt til torsdag. Onsdag kveld rauk tre førarkort i Stryn.
Nyheter

Til saman fem bilførarar har mista førarkortet i kontrollar i Stryn og Ålesund.

Raskast køyrde ein bilist som blei stoppa på Lerstad, på innfartsvegen til Ålesund natt til torsdag. UP målte farten til heile 143 km/t.

Sju andre fekk utdelt fartsbøter i denne kontrollen natt til torsdag.

Ein mista førarkortet i Spjelkavika

I Ålesund hadde UP også fartskontroll i ei 50-sone i Spjelkavika natt til torsdag. Her blir ein bilførar meld for å ha køyrt i 77 km/t, noko som kvalifiserer til førarkortbeslag.

Også åtte andre køyrde over fartsgrensa og må betale fartsbot, melder politiet i to-tida natt til torsdag.

Tre mista førarkortet i Stryn

Politiet hadde onsdag kveld fartskontroll i 50-sona på riksveg 15 vest for Stryn sentrum. Og her køyrde tre bilførarar så fort at dei måtte levere frå seg førarkortet.

Ifølgje Twitter-meldinga frå politiet var høgste farten 80 km/t i 50-sona.

Dei andre som mista førarkortet køyrde nesten like fort, og blei målt til 79 km/t og 77 km/t.