Økonomen i Sparebank1 er kjend frå «Luksusfellen» på TV.

– Veksten i forbrukslån gir all grunn til uro. Dette kan bli eit stort samfunnsproblem, sa Gundersen på Næringskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag.

Han viste døme på korleis kyniske utlånarar lokkar til seg kundar. Ein iPhone som tilsynelatande kostar 249 kroner i månaden, kan vise seg å koste det dobbelte. Men det står med små bokstavar.

– Det er lett å gå i fella, sa Gundersen.

Tiltak

Fleire tiltak er på trappene for å dempe veksten i forbrukslån, mellom anna eit gjeldsregister, men Gundersen foreslår også aldersgrense på 20 år.

– Du må vere 20 år for å kjøpe sprit, fordi sprit kan øydeleggje helsa. Men du treng berre vere 18 år for å låne deg helselaus, seier Gundersen.

Låner seg ut av problem

Regionbanksjef Lillian Kleven Brevik i Sparebank1 Søre Sunnmøre seier at det har vore ein auke i forbrukslån på ytre søre Sunnmøre, der mange er råka av olje-nedturen.

– Det kan vere lett å ty til forbrukslån for å halde oppe levestandarden. Og det har vi sett ein tendes til i ytre delar av søre Sunnmøre, seier Breivik.

Jo Nesbø

Sparebank1 Søre Sunnmøre er mellom sponsorane for den årlege næringskonferansen, som samla fullt hus på Ørsta kulturhus. Mellom foredragshaldarane var tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen, og som ei overrasking baud arrangørane på underhaldning frå musikar og krimforfattar Jo Nesbø.

Det var høg kjendisfaktor på næringskonferansen i Ørsta. Her spelar Jo Nesbø saman med makker Lars Jones. Foto: Svein Aam