Iris Fivelstad - eigar av hotell Villa Norangdal i Sunnylven, men også med ei lang karriere bak seg i Marinen, er tilsett som fregattsjef på KNM «Otto Sverdrup».

- Eg startar i jobben i løpet av januar. Då skal skipet etter planen vere tilbake i Norge etter å ha leia den ståande Nato-styrken frå juni og ut året, fortel Fivelstad sjølv. Ho arbeider i dag på KNM «Tordenskjold» - Marinens maritime krigføringssenter, på Haakonsvern i Bergen.

Med tilsettinga blir Fivelstad Norges første kvinnelege fregattsjef, men det er 42-åringen ikkje så opptatt av sjølv, for som ho påpeiker:

- Tidlegare har vi både hatt kvinneleg ubåtsjef i Solveig Krey og også Tone Størksen som sjef for ein mineryddar. I tillegg finst det fleire kvinner som er skipssjef eller kaptein på sivile skip både i inn- og utland.

Hellesylt framleis heime

Det er fleire år sidan Fivelstad let andre ta over den daglege drifta av hotellet i Sunnylven.

- Eg kan jo ikkje vere to plassar på same tid, seier ho. Likevel er ho jamleg innom hotellet, og samlar stadig nye skattar til dei særprega romma.

- Det er også Hellesylt som er heime. Både i hjartet, men også i form av at det er der eg er registrert som buande, seier ho.

- Har jobben i forsvaret tatt deg i krig?

- Det spørst vel korleis ein definerer det. Eg har vore på det ein kallar skarp operasjon, både med KNM «Utstein» og KNM «Trondheim»: Frå 2001 – 2003 tok vi del i den sjøoperasjonen som framleis går føre seg i Middelhavet - Operation Active Endeavour. Der tok vi del i arbeidet med å få kontroll over innvandringa frå afrikanske land, så vel som å ta føre seg våpensmugling og anna til og frå fleire land rundt Middelhavet og det som kjem inn gjennom Suez. Rett og slett kontroll med skipstrafikken, fortel ho.

Sjef for eit mannskap på 130

Som fregattsjef for KNM «Otto Sverdrup» blir Fivelstad sjef for eit mannskap på 130.

- I tillegg til dette har skipet plass til ytterlegare 40 personar – ekstrakompetanse vi kan hente inn alt ut frå kva oppdrag vi blir sett til å gjere, til dømes helikopterbesetning, spesialstyrkar, kirurgisk team, tolkar eller juristar, forklarar ho.

Så står det att å sjå eksakt kor ferda går.

- Etter planen skal skipet ta del i diverse øvingar i Norge og følgje eit program, men planane kan fort bli endra, det kjem an på verdssituasjonen, seier ho.