I oktober fekk «Sadeq» avslag på asylsøknaden. Då vart han intervjua av Sunnmørsposten i Fosnavåg.

– Eg er veldig redd, og vil ikkje reise tilbake til Afghanistan. Eg trur Taliban vil spore opp og drepe dei som kjem tilbake, sa han den gongen.

No oppheld han seg i Paris, i eit miljø med mange andre afghanarar som har stukke av frå norske asylmottak.

Journaliststudentane Helene Rossholt og Michael Karenga Svae ved Høgskulen i Volda har jobba med temaet afghanske asylsøkarar som ein del av praksisperioden i Næravisa. Dei har oppsøkt dei afghanske flyktningane i Paris.

– Vi møtte overraskande mange som snakka norsk. Og det var fleire som hadde budd på asylmottak i Herøy og Hareid, seier Helene Rossholt og Michael Karenga Svae

Dei traff mellom anna «Sadeq», som fortalde at han først budde på gata. No har han fått plass på eit mottak.

– Eg har ikkje ei framtid no. Eg berre reiser frå land til land og ventar, seier «Sadeq» i eit intervju som journaliststudentane har gjort i samarbeid med NRK.

Han fortel at han stakk av frå mottaket i Herøy fordi han er redd for å bli sendt tilbake til Afghanistan.

– Vi fekk høyre at andre gutar frå andre mottak hadde blitt henta av politiet klokka to-tre om natta, og sendt tilbake til Afghanistan. Vi fekk problem med å sove om natta, og vi klarte ikkje å snakke med andre gutar. Eg slutta å gå på skule. Vi hadde ikkje noka framtid lenger, seier «Sadeq».

Franske styresmakter er forplikta i Dublinavtalen til å sende gutane tilbake til Norge. Det gjer at «Sadeq» lever i frykt også i Paris.

– Dersom eg vert sendt til Norge, så blir eg sendt til eit deporteringssenter, og så sendt til Afghanistan, seier han.

Journaliststudentane fortel at «Sadeq» er mellom dei heldige som har fått plass på eit mottakssenter.

– Mange bur i telt på gata, fortel Michael Karenga Svae.

– Nokre har fått opphald og busette, andre har blitt flytta over til vaksenmottak, men det er og fleire som har reist vidare til andre land, seier mottaksleiar Lilly-Arlen Larsen.

150 i fakkeltog for asylsøkarar: – Gripande å sjå at dei unge engasjerer seg

Stadig fleire stikk av

Ho seier at det er tre som dratt vidare til andre land berre siste veka.

Anita Reite Onen frå Herøy er verge for fleire unge asylsøkjarar. Ho fortel om stor frykt mellom gutane.

– Eg rår dei frå å flykte vidare til andre europeiske land, men dei tør ikkje bli i Norge. Dei er veldig redde for å bli henta av politiet og sende tilbake til Afghanistan, seier Reite Onen.

Omstridd alderstest: Konkluderer med at ein asylsøkjar i Hareid er tre år eldre enn han har oppgitt