Skredet gjekk rett under toppen av fjellet, melder politiet på Twitter.

Dei to som blei tatt av skredet kom frå det heile utan skade. Følget tok seg ned utan bistand, ifølge politiet.

– Vi har ikkje vore involvert, men dei kontakta oss for å varsle om at det var gått eit skred, seier operasjonsleiar Arild Reite i politiet på Sunnmøre.

Politiet fekk opplyst at det var cirka 20 personer i området då skredet gjekk. Om dette var eitt eller fleire turfølger kjenner er uklart.

– To personar blei tatt av raset. Dei blei gravd fram og tatt hand om av dei andre med ein gong, og kom frå det utan skade. Dei ville sjølv vurdere om dei ville kontakte lege i tilfelle, seier Reite.

Betydelig skredfare

Ifølge Snøskredvarslinga i NVE vurderes snøskredfaren på Sunnmøre til nivå 3 – betydelig – på tysdag.

Snøskredvarsel for Sunnmøre (ekstern side)

Følget gjorde rett i å varsle politiet om skredet umiddelbart, seier Reite.

– Det er veldig viktig at dei som eventuelt løyser ut skred varslar oss, også sjølv om ingen blir skadd. Elles kan skredet bli observert på avstand, og då må vi sette i gong leiteaksjon, seier Reite.

– Bratte heng

Kolåstinden, med sine 1.432 meter over havet, er ein populær skitur på Sunnmøre.

Men både denne og andre populære toppturar er samstundes bratte nok til at ein kan løyse ut skred. Det seier Christer Lundberg Nes, fagleiar i friluftsrådet og forfattar av boka «Skikompis – snøskred og trygg ferdsel».

– Sjekk skredfaren

Er det bratt nok til at eg kan løyse ut eit skred – altså 30 grader eller brattare?

Dette er eit kontrollspørsmål ein alltid må stille seg.

– Og så er neste spørsmål: Går eg nært nok terreng som er bratt nok til at eg kan løyse ut, eller bli tatt av, eit skred?

Går ein i slikt terreng, er det viktig at ein går inn på varsom.no og identifiserer skredfaren og kva slags type skredfare det er.

– Har det kome mykje fersk nysnø med vind, som det har gjort dei siste dagane, for eksempel? Slik informasjon finn ein på varsom.no, og det er viktig at ein sjekkar oppdatert skredvarsel, seier Nes.

Medan skredfaren for tysdag er sett til nivå 3, er det meld moderat skredfare (nivå 2) for onsdag og torsdag.

– Nysnøen vil nok sette seg ganske raskt, i og med at det er mild temperatur, seier Nes.

Men mykje nedbør og snø i kombinasjon med vind gjer at ein framleis bør vise varsemd i bratte heng der det har lagt seg mest nysnø også dei neste dagane, råder han.