I ei nær fullsett Herøy kyrkje vart det bore fram mange sterke vitnesbyrd om tragedien, som utspann seg 75 sjømil nordvest for Shetland den 12. april for ti år sidan. Sju mann frå ankerhandteringsfartøyet Bourbon Dolphin berga mirakuløst livet, dei åtte andre møtte døden denne fatale dagen ved ein oljeplattform. Fem av dei er aldri funne.

Kvardag med mareritt

Det næraste og sterkaste vart levert av enkja etter skipperen på Bourbon Dolphin, som omkom saman med sonen på 14 år som var med om bord på arbeidsveke. Ho fortalde om første sjokket, og det å kome seg gjennom timar, dagar og år vidare.– Marerittet vart vår kvardag, der ein heile tida berre ønskte å kunne skru tida tilbake. Det store målet vart etter kvart å lære seg å leve med dette – så godt som råd, sa ho mellom anna.

– Ei sorg livet ut

Også direktør Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore Norway fortalde ei sterk historie om korleis reiarlaget opplevde skipskatastrofen.

– Det var verre enn nokon av oss nokon gong kunne tenkt seg ville kunne skje oss. Så vart det endå verre, skipet sokk då det skulle slepast inn til grunnare farvatn. Vi er mange også hos oss som står att med ei sorg som vil vare livet ut, sa Remøy.

Minnestunda var elles prega av rom for stille ettertanke, og av svært vakre og passande musikkinnslag. Her deltok songarane Maria Steinsvik, Christine Moltu, koret Tolvtetten og musikarane Kai Evensen, Øyvind Granden Berg og DJ Flattum.

Trond Myklebust

Etter minnestunda møtte Sunnmørsposten Trond Myklebust, som var ung ansvarleg direktør i Bourbon då katastrofen slo inn. Mange vil hugse mannen som måtte stå rakrygga i denne kjenslemessige orkanen. Han måtte handtere alt kring tragedien praktisk, men ikkje minst måtte han turnere både rikspresse og verdspresse over lengre tid. Myklebust arbeider no i anna selskap.

– Korleis opplever du å vere inne i dette igjen, ti år etter?

– Eg rett og slett kipte meg då eg tenkte over at det er heile ti år sidan vi stod midt oppe i dette utenkjeleg grufulle som hende oss.

– Men eg har opplevd ei svært fin og sterk stund i kyrkja her i dag, saman med alle desse eg gjennom denne tragedien no kjenner så godt, seier Myklebust. Han heldt fram i nærare fire år i Bourbon etter forliset som overskugga alt. Myklebust kjenner seg sikker på at det som i rapportar kom fram om dei svake punkt som til saman førte til forliset, har generert mange viktige forbetringar.

– Ja, det må vere det positive. Eg har kunnskap om at det på fleire nivå er teke lærdom og gjort endringar i utforming, dimensjonering og handtering av oppgåver, seier Myklebust.

Jens Prest

Ein annan som stod svært sentralt i orkanen for ti år sidan er Jens Terje Johnsen, Jens Prest på folkemunne. Den populære presten måtte forlate Herøy-kyrkja for nokre år sidan grunna ein arbeidskonflikt og han er i dag avhalden sjukehusprest i Volda. No var han invitert attende til å leie seremonien med lystenning.

– Det var godt å vere med her i dag, seier han til Sunnmørsposten. Johnsen leia også ei stor minnestund her alt medan skipet enno flaut, og det framleis fanst eit ørlite håp.

– Det var ei svært vanskeleg gudsteneste å leie. Her var alle kjensler, frå botnlaus sorg til lette for nokre få som fekk gode meldingar frå havet. Og det var eit sterkt raseri mot reiarlaget mellom mange fortvila. Og folka frå reiarlaget sat jo her talrike og knuste, dei også. Det vart ein tøff balansegang, minnest Jens Prest.

Ikkje før var minnestunda over, så kom meldinga om at skipet hadde sokke og at alt håp dermed var ute.