Frå torsdag 20. til søndag 23. april vil ekstremsportutøvarar frå inn- og utland boltre seg i fjell, elvar, havet, lufta og på asfalterte vegar i Volda, Ørsta, på Flø og Hellesylt. På kveldstid desse dagane vert det konsertar, føredrag, filmframsyning m.m. på Rokken Scene og i festivalhallen i Volda sentrum.

Les meir om festivalen: X2-festivalen venter 3.000 besøkjande

Direktesendingar kvar dag

Her kan du følgje direkte TV-sendingar frå festivalen to gonger kvar dag. Sendeplan er som følgjer:

Torsdag 20. april, kveldssending, kl. 21.00Fredag 21. april, morgonsending, kl. 09.00Fredag 21. april, kveldssending, kl. 21.00Lørdag 22. april, morgonsending, kl. 09.00Lørdag 22. april, kveldssending, kl. 22.00

Her finn du detaljert program for festivalen. (Ekstern lenke)

Morgonsendinga fortel om dagen som kjem og gir eit samandrag av gårsdagen. Kveldssendinga gir ei oppsummering av dagens hendingar, intervju og ikkje minst visning av dagens høgdepunkt frå dei ulike sportslige arrangementa.

Morgonsendinga varer i om lag ein halv time, kveldssendinga blir mellom ein halv og ein heil time.

Sjå bildeserie frå fjorårets festival

Ekstreme sportsgreiner

X2-festivalen arrangerer konkurransar i sportsgreiner som surfing, skate, freeride, base, speedflying, kajakk, bike og meir.

Festivalen har også ein unik surf/skate/snow-konkurranse kalla Trippel X, som er ein samanlagtkonkurranse der deltakarane må meistre brett på både snø, asfalt og bølgjer.