Torsdag var Vebjørn Krogsæter (H) frå Haram i møte med styringsgruppa for nye Ålesund, som skal bestå av kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Sandøy og Haram.

Han har tiltru til at Ålesund kommune ryddar opp.

– Ja, det har eg tiltru til. Ein ser no at kontrollsystema fungerer når revisjonen og kontrollutvalet tek tak i saka, seier Krogsæter.

Les alt om Bingsa her

– Burde vore oppdaga før

– Så kunne sikkert alle ønska at det hadde vore oppdaga og teke tak i tidlegare. For det ser ut som om dette er ting som har gått føre seg over tid, seier han.

Krogsæter seier det er viktig med løpande kontroll med all drift.

– Det vil alltid vere avvik i ei kommune, og då er det viktig at avvik blir luka ut så tidleg som mogleg. Det bør vere eit mål at ein ny kommune har enno betre system for nettopp slike ting, seier han.

– Når ting blir større er det enno viktigare at ein har god kontroll på drifta.

Kommunen handlet ulovlig for 23,9 millioner med OK Entreprenør

Virksomhetslederen godkjente dyr overtid

Forlik

Kommunerevisjonen i Ålesund har mellom anna avdekkja omfattande bruk av overtid og ulovlege anskaffingar for 23,9 millionar kroner då Bingsa Næring nytta OK Entreprenør AS utan nokon form for skriftleg kontrakt.

Nyleg valde Haram kommune å inngå eit forlik medInvi AS, som hadde saksøkt kommunen for brot på lova om offentlege anskaffingar.

– Slik saka går fram i Sunnmørsposten, verkar det som om ein entreprenør har vore engasjert utan at oppdraget har vore ute på anbod. Det verkar som om nokon enten har hoppa over, eller ikkje vore klar over innkjøpsregelverket.