Difor må krava mot miljøskadelege utslepp frå cruiseskip og anna skipstrafikk i området kraftig skjerpast. Det krev Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Dei hevdar at cruisetrafikken er i dag den mest forureinande turismen i verda, og at utsleppa fører til store skader på menneske, dyr og natur.

I tillegg vil MDG arbeide for endå strengare krav til skip som trafikkerer resten av Norskekysten og Svalbard.

MDG sine krav: I løpet av 2017 maks 0,1 prosent svovel i drivstoffet til alle skip som går inn Storfjorden.

Landstraum i verdsarvområda innan 2020 – og redusert fart i Storfjorden, Sognefjorden og verdsarvområda.