– Ørsta og Volda brukte makta si for å legge ned i Dragsund for å få fleire arbeidsplassar til Ørsta. Dei sender meirkostnadene til kundane, fryktar Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) etter nederlaget i generalforsamlinga i Tussa fredag.

Han fryktar også for det politiske klimaet på søre Sunnmøre etter dette.

Ørsta og Volda eig mest

Kampen stod mellom stemmene frå Herøy, Sande, Hareid, Ulstein og Vanylven på eine sida og Ørsta og Volda på andre sida.

Ein arbeidsgruppe foreslo for ei tid tilbake at Dragsund skal bli den nye hovudbasen for Mørenett på søre Sunnmøre. Forslaget inneber at om lag 50 tilsette i Ørsta blir flytta til Dragsund.

Dette nekta Ørsta kommune å gå med på. Kommunen har nær 35 prosent av aksjane i Tussa, medan Volda har knapt 16 prosent. Dei utgjer difor fleirtalet på generalforsamlinga.

KLP som er ein av dei store Tussa-aksjonærane, gjorde det klart at dei ville stemme blankt, fordi dei ikkje ønskjer å ta parti i slike saker.

Viste til aksjonæravtalen

Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) og Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) var utsendingar til generalforsamlinga.

Dei argumenterte med aksjonæravtalen i Mørenett, der det går fram at hovudkontoret skal ligge i Ørsta.

(Teksten held fram under bildet)

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr argumenterte blant anna med at det er fem millionar kroner å spare på å samlokalisere alt i Dragsund. Og han er skuffa over Volda og Ørsta i saka.

– Det er makta som rår. Og dette er eit klimaval. Argumentasjon tel ikkje, seier Goksøyr og legg til:

– Vi har vore med og støtta her inne, både kampen for Lånekassen og rehabiliteringssenteret på Mork. Eg føler vi spring ærend for sjukehus, høgskule og flyplass her, men når det er noko lite vi kan få i området rundt oss, då er vi berre mindretal.

Goksøyr minner også om at 60 prosent av kundane til Tussa er på ytre søre Sunnmøre.

Kan skade forholdet

Stein Aam sa i generalforsamlinga seg eining i at denne saka nærmar seg politikkk.

– Det gode samkvemet som har utvikla seg på søre kan verte skada i denne saka, vedgjekk Aam som også la til at han personleg har fått eit godt forhold til politikarar og ordførarar i ytre.

Han viste til at han har fått pålegg av det politiske miljøet i Ørsta om å gjere det rette utfrå aksjonæravtalen.

– Vi må prøve å respektere kvarandre så godt det let seg gjere, sa Aam.