Sola braut igjennom og små og store fekk gode opplevingar rundt Vassetvatnet søndag.

Frivillige organisasjonar stod for ulike aktivitetar rundt vatnet, og alle treivst godt, sjølv om snøen såvidt hadde lagt seg på bakken. Den einaste som ikkje fann seg heilt til rette var kvitveisen sjølv som hadde lukke seg for anledninga.

Kvitveisdagen har starta Suladagane sidan 2009 og er eit samarbeid mellom Sula kommune, frivillige lag og organisasjonar og Frivilligsentralen.