Slik ser bilen til bonden ut etter kollisjonen. (Foto: Marius Simensen)

Slik ser bilen til bonden ut etter kollisjonen. Foto: Marius Simensen

Far til Sylvi Listhaug i dramatisk kollisjon på fylkesveg 650

- Ambulansesjåføren sa eg ikkje trengde levere lotto den veka, at eg hadde brukt opp flaksen

Nokre små sår på ein finger, akutt høgt blodtrykk og ein mørbanka kropp. Jan Steffen Listhaug frå Ørskog kom meir eller mindre uskadd frå ein dramatisk kollisjon i Stordalstunnelen førre veke.

- Eg var på veg frå Stordal mot Dyrkorn i bilen min. Inne i Stordalstunnelen var det mykje støv og dårleg sikt, og då eg såg traktoren - som eg meiner knapt hadde lys, og bremsa, var det for seint. Eg trefte både traktoren og også ein lastebil som kom imot, seier Listhaug sjølv. 69-åringen er far til innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug og bonde på Liset i Ørskog.

Nær ved å falle ut

Bygdebladet, som først melde at det var far til Listhaug som sat i ulykkesbilen, skriv tysdag at 69-åringen kasta seg over mot passasjersetet i bilen og vidare at han vart slengt ut av bilen i krasjen. Også politiet har meldt at Listhaug vart kasta ut av bilen.

- Dette stemmer ikkje. Eg rakk ikkje å kaste meg over mot passasjersetet, for det heile skjedde så fort, eg sat heilt stille i bilen. Då lastebilen som kom mot skrella sida på bilen min og førardøra opna seg, var eg nær ved å falle ut, men eg veit at eg har sprunge meg ut av bilen til eg sto stille på føtene. Slik har eg unngått å bli kasta ut, seier han.


Kollisjon i tunnel - fører kastet ut av bilen

Politiet i Møre og Romsdal melder om trafikkulykke i Stordalstunnelen.


Bortimot uskadd

Listhaug fortel at han berre hugsar bitar av det som skjedde, før folk som kom til sa han måtte setje seg ned inne i tunnelen til ambulansen kom.

- Etter kollisjonen stod bilen min med fronten mot tunnelveggen, men korleis det heile har gått føre seg - om eg har svinga ut i det andre feltet og treft lastebilen – eller om eg har blitt pressa ut som følgje av trykket frå samanstøyten med traktoren, veit eg ikkje, seier han.

Han vart frakta til sjukehus i ambulanse etter ulykka, men etter å ha lagt ein dag til observasjon vart han skriven ut.

- Ein kan vel seie at eg har vore heldig. Eg kom frå det heile med nokre små sår på ein finger, ein mørbanka kropp og akutt høgt blodtrykk, sjølv om eg også har hatt det siste der tidlegare. Ambulansesjåføren - som forresten er i slekt med meg, sa eg ikkje trengde levere lotto den veka, at eg hadde brukt opp flaksen min. Det er i grunnen godt sagt, avsluttar Listhaug.

- Lastebilen svinga unna

Saka blir etterforska av Ørskog lensmannskontor, men politiførstebetjent Øyvind Reiten seier til smp.no at det førebels er for tidleg å seie noko om kva etterforskinga har avdekka.

Dagleg leiar Rolf Anders Håberg hos Busengdal transport seier til Bygdebladet at sjåføren av lastebilen prøvde å unngå kollisjon ved å svinge opp på murkanten på motsett side, men at dette ikkje var nok.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Jan Steffen Listhaug er bonde på Liset i Ørskog og far til statsråd Sylvi Listhaug. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ

Jan Steffen Listhaug er bonde på Liset i Ørskog og far til statsråd Sylvi Listhaug. ARKIVFOTO: STAALE WATTØ

Leses nå
 

Forsiden nå:

30 år med hår

Cancam Frisør fyller 30 år denne uken og feirer med gratis klipp til de som fyller 30 i løpet av uka.

Skal vi Danse

No skal bloggar Marna danse for folket

Den utflytte Ørsta-bloggaren Marna Haugen Burøe har mista både matlysta og nattesøvnen etter at ho sa ja til å vere med i det populære TV-programmet «Skal vi danse».

Romsdalsstigen åpnet

- En stor dag for Rauma

Romsdalsstigen Via Ferrata på Nesaksla åpnet onsdag. Stor optimisme for reiselivsnæring

Toppkamper i 4. – og 5. divisjon sendes på smp.no torsdag og fredag

– Det er flaut å måtte møte Volda 2

Å rykke ned til 5. divisjon svei ekstra mye for Ørsta med Volda 2 i samme divisjonen. Torsdag kan opprykk og møte med Voldas førstelag nesten være i boks.

Buss kjørte ned trafikklys

En buss har kjørt inn i et trafikklys på Hellebroa i Ålesund, melder politiet.

Treng to båtar for å flytte trålarvraket

Det må to ankerhandteringsfartøy til for å få flytta trålarvraket i Hundeidvik. Dei må iallfall ha eitt skip i bakhand.