Derimot vedtok politikarane at godsterminalen skal rivast innan utgangen av 2017.

– Vi vart einige om å jobbe meir med innhaldet i kva som bør kome på denne tomta. Det var gode tilbod vi hadde fått, men vi følte likevel at det mangla noko, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Tre ville kjøpe

Det var tre grupperingar som hadde kome med tilbod på den attraktive sentrumstomta: Aure Sjøside AS, REN Sykkylven AS og Brødrene Aursnes AS.

Alle tre hadde tenkt å bruke tomta til forretningar og bustader.

Rådmannen føreslo at kommunen selde tomta til Aure Sjøside AS.

Snudde

Mot to røyster tilrådde også fleirtalet i formannskapet at tomta vart seld. Men då saka kom opp i kommunestyret, skifta alle meining.