Bjarte Myklebust er enno sjokkert etter skyteepisoden måndag kveld. Han stod og skrudde på ein tilhengar, bak nokre plater, då han høyrde eit kraftig smell, like ved der han stod.

–Du ventar ikkje kuler rundt novene. Dette er horribelt, seier Myklebust etter episoden.

– Burde varsla

Det viste seg at ein jeger hadde fyrt av skot mot ei kråke. Skyttaren parkerte i Myklebust si avkøyrsle, fyrte av eit velretta skot og kråka fall daud om.

– Han hadde kikertsikte og kunne skyte, men er det rett å fare på annan manns eigedom og skyte? Eg stod 15 meter ifrå. Du kan sjå skyteretninga, seier Myklebust og peikar ned mot området der kråka sat.

Skyttaren har truleg ikkje sett Myklebust, sidan han stod bøygd bak platene. Men han er kritisk til at det ikkje blir varsla om slik skyting.

– Det er greitt å skyte fugl, men ikkje at ein ikkje informerer grunneigar slik at ein kan få sikre folk. Kona mi kjem frå Filipinane, eit meir farleg land med geriljakrigar, og ho blei redd. Du ventar ikkje skyting rundt husa i Norge, seier Myklebust.

Han meiner ein må vere meir bevisst på slik skyting, når ein ser situasjonen i verda i dag. Folk blir skremde når det blir skote, utan varsel, like ved eit buområde, der det også bur mykje ungar. Der kråka blei skota er det landbruks-, natur- og friluftsområde.

– Det som skjedde er heilt uakseptabelt. Om eg tek feil, så må ein ta diskusjonen om det er slik det skal vere, seier Myklebust som no melder saka til politiet.

Politiet: – Ikkje lovbrot

Han kontakta politiet straks etter episoden. Ein politipatrulje kom til staden og snakka med begge partar. Lensmann Hilde Aglen i Herøy og Sande seier politiet si vurdering er at det ikkje har skjedd noko lovbrot.

– Politiet vurderer det slik at det ikkje var nokon fare. Skytinga fann stad på oversiktleg stad, med god bakgrunn, seier Aglen og legg til at politiet meiner retningslinjene er følgde.

Det blei brukt ammunisjon med plasttupp, og det var ifølgje politiet ikkje nokon fare for rikosjett, det vil seie at det skulle sprette i anna retning.

Hadde skadeløyve

Lensmannen veit ikkje om kråka blei avliva på Myklebust sitt område, men er tydeleg på at politiet meiner alle reglar er følgde.

– To partar er usamde om fakta, og dette må vi avklare viss saka blir meldt til politiet. Ein person har følt seg truga, men politiet vurderer det ikkje slik no, seier Aglen.

Grunneigaren vil ikkje kommentere saka, ut over at han meiner det er ei ikkje-sak.

Han formidla kontakt til jegeren, men Sunnmørsposten hadde onsdag ikkje fått nokon kommentar frå vedkomande.

Leiar i viltnemnda i Herøy, Sigurd Nygard, stadfestar at han i samråd med nestleiar gav skadeløyve for kråka:

– Kråka begynte å hakke på nyfødde utegangarlam, og skadefellingsforskrifta seier at då kan ein gi løyve til avliving.

Han fortel at dei også i fjor gav slikt skadeløyve, på Runde.

– Det var i fuglefredingsområde, men når kråker først begynner å hakke på lam, må ein få dei vekk. Kråkene lærer lett og lærer raskt opp hine.

Skadefelling må skje av skytekyndig person som har jegerprøve. Løyvet gjeld for området der skaden blir gjort og som grunneigar disponerer.

Nygård synest det er trasig at folk blir skremde av skyting, og beklagar dette, men meiner det vil smelle av og til når ein bur i litt grisgrendte strok.

Myklebust stiller seg elles uforståande til at kråka kan ha gått til åtak på lam. Han har budd i området i 30 år og har aldri observert noko slikt, verken no eller tidlegare.