Nettavisa Khrono har gått gjennom Språkrådet sitt arbeid med å sjå til at norske universitet og høgskular følgjer mållova. Konklusjonen er klar:

Av dei 17 som har rapportert for 2016 er det ingen som har klart å fylle oppfylle krava i lova. Medan dei fleste skriv for lite nynorsk, har to høgskular omvendt problem:

Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane får kritikk for å bruke for lite bokmål. Kravet er at både nynorsk og bokmål skal vere representert i minst 25 prosent av den skriftlege kommunikasjonen til publikum.

— Ja, lova er lik for alle, og gjeld på institusjonsnivå. Viss det er slik at ein institusjon har nynorsk som hovudmål så må dei ha minst 25 prosent skriftleg publisering på bokmål, seier språkdirektør Åse Wetås til Khrono.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Olav Standal tangen

Legg seg flat

Ifølgje rapporten frå Språkrådet oppfyller nettstaden hivolda.no mållova med 67,5 prosent nynorsk. Men Høgskulen bryt lova og har for lite bokmål når det gjeld periodiske publikasjonar (84,7 prosent nynorsk) og korte tekstar (89,2 prosent nynorsk).

Det er mange år sidan Høgskulen i Volda rapporterte til Språkrådet sist, så dei har ikkje noko å samanlikne med, skriv Khrono.

Rektor Johann Roppen legg seg flat og beklagar at dei bryt mållova.

– Mållova har vi meget stor respekt for, og det burde alle andre også ha. Det er nok likevel fleire institusjonar som bryt lova andre vegen, altså ved å ha for mykje bokmål og ikkje for mykje nynorsk. Så kanskje burde ein også i denne diskusjonen sjå på universitets- og høgskulesektoren samla sett, og ikkje berre på enkeltinstitusjonar, skriv Roppen i ein e-post til avisa.

NTNU har ikkje svart

NTNU er blant dei som ikkje har rapportert til Språkrådet, og fekk purring etter at fristen gjekk ut 31. januar. Komminukasjonsdirektør Christian Fossen seier til nettavisa at NTNU har fått utsetting til april med å svare.